Elektro og datateknologi logo

Elektro og datateknologi

Elektro og datateknologi logo

Elektro og datateknologi

Elektro og datateknologi passar for deg som er interessert i straum, teknologi og korleis ting verkar. Du lærer å kopla og testa elektriske krinsar, bruka sensorar, programmera utstyr og få ulike system til å verka saman. Du får også prøva deg på nettverk, feilsøking, målingar og styring av til dømes lys, varme og motorar. I arbeidet lærer du å bruka verktøy og utstyr på ein sikker måte, dokumentera det du gjer og ta omsyn til energi, miljø og berekraft.

Du lærer

  • installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system
  • montering, kopling og programmering av elektriske og elektroniske system og anlegg
  • reparasjon av elektrisk utstyr
  • om utvikling av nye elektroniske produkt
  • konfigurering og programmering av utstyr og komponentar
  • tryggleik og dokumentasjon

Passar for deg som

  • vere nøyaktig og systematisk
  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
  • vere serviceinnstilt og ha ein logisk tenkjemåte
  • vere kreativ og ha godt fargesyn

Du kan bli

elektrikar, elektroreparatør eller energioperatør

tavle-, signal eller heismontør

avionikar eller flymekanikar

romteknolog, data- eller produksjonselektronikar

automatikar eller FU-operatør

Sjå alle yrke

Aktuelle arbeidsstader

offentlege eller private bedrifterprosess- eller elektronikkindustrienmekanisk industri, energiverk eller jernbanedriftdata-, fly- eller oljebransjen

Vidare utdanning

Vidare utdanning 1

Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.

Vidare utdanning 2

Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.

Vidare utdanning 3

Vg3 påbygging til generell studiekompetanse - etter Vg2 eller - etter oppnådd yrkeskompetanse Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.

Vidare utdanning 4

Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.