Medium og kommunikasjon logo

Medium og kommunikasjon

Medium og kommunikasjon logo

Medium og kommunikasjon

Vil du laga innhald som engasjerer, og forstå korleis medium påverkar oss? På medium og kommunikasjon lærer du å produsera innhald innan journalistikk, reklame, video, sosiale medium og informasjonsarbeid. Du får bruka profesjonelt utstyr og programvare, utvikla eigne idear og tilpassa bodskap til ulike målgrupper og kanalar. Du lærer også å vurdera kjelder, bruka verkemiddel medvite og publisera innhald på ein ansvarleg måte.

Du lærer

  • forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilete
  • om mediepåverknad, mediehistorie og journalistikk
  • å utforme bodskap, uttrykk og layout
  • bruk av form, farge, lys og lyd som verkemiddel
  • å vidareutvikle den digitale kompetansen din
  • teoretiske fag

Passar for deg som

  • liker å lage innhald med tekst, bilete, lyd eller video
  • liker å utvikle idear og gjere dei om til ferdige medieprodukt
  • er nysgjerrig på korleis media påverkar menneske og samfunn
  • vil lære å tilpasse bodskap til ulike målgrupper og kanalar
  • er oppteken av kjelder, truverd og ansvarleg publisering

Om du tek høgare utdanning, kan du mellom anna bli

journalist, tekstforfattar eller innhaldsprodusent

webdesignar, interaksjonsdesignar eller spilldesignar

lydteknikar, lyd- eller filmprodusent

kommunikasjonsrådgivar eller mediums- og samfunnskonsulent

Aktuelle arbeidsstader

aviser eller magasinreklamebyrå eller kommunikasjonsbyråproduksjonsselskap eller mediebedrifteroffentlege bedrifter

Opptakskrav til høgare utdanning

Opptaksprøver

Mange mediefaglege studium krev ei praktisk opptaksprøve. Med medium og kommunikasjon får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøver.

Realfagskrav

Nokre studium krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. På medium og kommunikasjon kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.

Val av fag

  • Tre programfag kan du velje sjølv, eitt på Vg2 og to på Vg3. Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan medium og kommunikasjon og/eller fag frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (for eksempel realfag eller framandspråk).
  • Det er opp til skolen din kva programfag dei tilbyr.
  • Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 i staden for eitt av dei to valfrie programfaga på Vg3.
  • Har du spesielle framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du velg fag.
  • Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning.