Restaurant- og matfag logo

Restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag logo

Restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag passar for deg som vil jobbe praktisk med mat, drikke, råvarer og service. Du lærer å lage og tilby mat og drikke, bruke oppskrifter, handverktøy, maskiner og utstyr, og vurdere kvaliteten på råvarer og ferdige produkt. God hygiene, trygg matproduksjon og gode arbeidsrutinar er ein viktig del av opplæringa. Du får prøve ut ulike fagområde i bransjen og lære om kundebehandling, samarbeid og moglege yrkesvegar. Du lærer også å bruke råvarer godt, redusere matsvinn og lage mat frå ulike matkulturar.

Du lærer

  • om kosthald, næringsmiddel og ernæring
  • tillaging og servering av mat
  • behandling av råvarer, mat og drikke
  • om mattradisjonar
  • om helsefremjande livsstil og hygiene

Passar for deg som

  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt ha handlag
  • vere kreativ og nøyaktig
  • vere serviceinnstilt

Du kan bli

kokk, ernæringskokk eller servitør

bakar eller konditor

pølsemakar eller kjøttskjerar

slaktar eller ferskvarehandlar

fagarbeidar i sjømatproduksjon eller industriell matproduksjon

Sjå alle yrke

Aktuelle arbeidsstader

hotell- eller restaurantnæringasjukehus og helseinstitusjonarnæringsmiddelindustrienbakeri, konditori eller slakteriforretningar som sel ferskvarer

Vidare utdanning

Vidare utdanning 1

Du kan ta vidare utdanning på fagskole. Ei fagskoleutdanning er ei kort og yrkesretta vidareutdanning som er berekna på dei som har gått yrkesfag.

Vidare utdanning 2

Du kan ta meisterbrev dersom du har fag- eller sveinebrev i eit fag som ligg under meisterbrevordninga, og dersom du har nok praksiserfaring. Meisterutdanninga kvalifiserer deg til ei leiar- eller mellomleiarstilling på fagområdet ditt, og ho gjev deg kompetanse til at du kan starte di eiga bedrift.

Vidare utdanning 3

Vg3 påbygging til generell studiekompetanse - etter Vg2 eller - etter oppnådd yrkeskompetanse Då har du moglegheit til å ta høgare utdanning ved høgskole eller universitet. Hugs at nokre studium, f.eks. ingeniør-, realfags- og medisinske studium, føreset at du har visse realfag.

Vidare utdanning 4

Du kan også søkje opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna på deg som har relevant yrkeskompetanse. Forkurs og Y-vegen er vanlegast innan realfags- og ingeniørstudium.