Musikk, dans og drama logo

Musikk, dans og drama

Musikk, dans og drama logo

Musikk, dans og drama

Vil du stå på scena og bruka kropp, stemma og kreativitet til å uttrykkja noko for eit publikum? På musikk, dans og drama får du utforska song, rørsle, tekstformidling, improvisasjon og samspel. Du lærer å utvikla eigne uttrykk, samarbeida med andre og formidla for eit publikum. Gjennom arbeidet fram mot framføringar får du prøva korleis musikk, dans og drama kan verka saman i framsyningar.

Du lærer

  • musikkutøving, individuelt og i samspel
  • danseuttrykk, danseteknikkar og koreografi
  • skodespelarteknikkar, regi og teaterproduksjon
  • å vidareutvikle dei kunstneriske ferdigheitene dine
  • teoretiske fag

Passar for deg som

  • musikalsk og god til å syngje eller spele eit instrument
  • god i ei form for dans
  • interessert i å spele roller og stå på ein scene
  • innstilt på å øve mykje, aleine og saman med andre, i og utanfor skoletida
  • kreativ Inntil halvparten av elevane på Vg1 kan takast inn på grunnlag av opptaksprøve eller dokumenterte ferdigheiter.

Om du tek høgare utdanning, kan du mellom anna bli

dansar, koreograf eller dansepedagog

songar, musikkpedagog eller musikkterapeut

skodespelar, scenograf eller dramaturg

Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet

Aktuelle arbeidsstader

teater eller operahusorkester, konsertscener eller bandsjukeheimar eller skolar

Opptakskrav til høgare utdanning

Opptaksprøver

Mange kunstfaglege studium innan dans, drama eller musikk krev ei praktisk opptaksprøve. Med dans, drama eller musikk får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøver.

Realfagskrav

Nokre studium krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no . På musikk, dans og drama kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta. samordnaopptak.no

samordnaopptak.no

Val av fag

  • Tre programfag kan du velje sjølv, eitt på Vg2 og to på Vg3. Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan dans, drama eller musikk og/eller fag frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (for eksempel realfag eller framandspråk).
  • Det er opp til skolen din kva programfag dei tilbyr.
  • Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 i staden for eitt av dei to valfrie programfaga på Vg3.
  • Har du spesielle framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du velg fag.
  • Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning