Industritapetserarfaget logo

Industritapetserarfaget

Læreplan i vg3 industritapetserarfaget

Fagrelevans og sentrale verdiar

Vg3 industritapetserarfaget handlar om industriell produksjon av dei mjuke delane av møblar. Faget skal medverke til å utvikle ei heilskapleg forståing av produksjonsprosessar og produkt. Det omfattar å utvikle yrkesutøvarar som kan vere med på å produsere, transportere, resirkulere og bruke materiale på ein berekraftig måte. Vidare skal faget medverke til å styrkje konkurransekrafta og innovasjonsevna til bedrifta i ein marknad der komfort, kvalitet og utsjånad er avgjerande.

Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 industritapetserarfaget skal bidra til å fremje respekt for menneske, miljø, maskiner og utstyr og leggje til rette for praktiske og varierte arbeidsoppgåver. Gjennom kritisk tenking og medverknad skal lærlingane utvikle forståing av samanhengen mellom ressursbruken i dag og behovet for å ta vare på ressursane for framtida.

Kjerneelement

Tverrfaglege tema

Grunnleggjande ferdigheiter

Kompetansemål og vurdering

Vurderingsordning

Sluttvurdering

Før fagprøva må alle som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, ha bestått ein skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i faget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.

Opplæringa i vg3 industritapetserarfaget skal avsluttast med ei fagprøve. Alle skal opp til fagprøva, som skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på fire til fem vyrkedagar.