Vidaregåande skole i Russland
Når du har fullført Vg2 i utdanningsprogram for studiespesialisering med russisk som framandspråk minimum på nivå I, kan du søkje om å fullføre Vg3 i Russland.
Norsk-russisk vidaregåande skole i Murmansk
Tilbodet blir administrert av Kongsbakken videregående skole og er eit samarbeid mellom Troms fylkeskommune og russiske utdanningsstyresmakter i Murmansk. Tilbodet er eit ledd i nordområdesatsinga i fylket. Opplæringa byggjer på norsk lov og forskrift og norske læreplanar. Skolen er godkjend av Statens lånekasse for utdanning for tildeling av økonomisk støtte.
Søknadsfristen er 1. mars. Elevar frå heile landet kan søkje.
På nettstaden kongsbakken.vgs.no finn du nærmare informasjon om tilbodet og korleis du søkjer.
For fleire opplysningar og søknadsskjema kan du vende deg til
Kongsbakken videregående skole
Kontaktpersonar
Rådgivar Jan Ove Odden
E-post jan.ove.odden@tromsfylke.no
Telefon 78 95 21 04
Stadleg leiar i Murmansk Bjarne Berg
E-post bjarne.berg@tromsfylke.no
Telefon +7 81 52 27 66 28 (Murmansk)
Informasjon frå Vestland
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.