Vg1, Vg2 og Vg3
Vg1Opplæringa går føre seg i skole og omfattar både fellesfag (t.d. norsk, matematikk og engelsk) og programfag frå utdanningsprogrammet ditt. | |
Studieførebuande | Yrkesfagleg |
|
|
Vg2På Vg2 vel du mellom dei programområda som finst innanfor utdanningsprogrammet du valde på Vg1. | |
Studieførebuande | Yrkesfagleg |
|
|
Vg3 / opplæring i bedriftVg3 byggjer på det Vg2 du gjekk på, og går anten føre seg i skole eller i bedrift. | |
Studieførebuande | Yrkesfagleg |
|
|
Oversikt over heile opplæringsløpet
Oppbygginga av vidaregåande opplæring er vist på oversiktskartet.
- Gul: Opplæringa går føre seg i skole.
- Grøn: Opplæringa går føre seg i bedrift.
- Blå: Opplæringa er fullført og godkjend, og du har kompetanse til å gå ut i arbeid eller søkje høgare utdanning.
10. trinn
Velg kursretning
- Studieforberedende
- Yrkesfaglig
Studieførebuande opplæring fører fram til studiekompetanse
Vidaregåande trinn 1 i skole
Vidaregåande trinn 2 i skole
Vidaregåande trinn 3 i skole
Høgare utdanning ved høgskole/universitet
Påbygging til generell studiekompetanse
Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag-/sveinebrev)
Vidaregåande trinn 1 i skole
Vidaregåande trinn 2 i skole
Velg VG3 retning
-
Vidaregåande trinn 3 i skole
-
Påbygging til generell studiekompetanse
-
Opplæring i bedrift
Vidaregåande trinn 3 i skole
Påbygging til generell studiekompetanse
Opplæring i bedrift
Yrke og arbeidsliv eller fagskoleutdanning
1. år
2. år
3. år
4. år
Kryssløp
I nokre tilfelle kan du «krysse» frå eit utdanningsprogram eller programområde til eit anna. Dette blir kalla kryssløp.
I strukturkarta er kryssløpa markerte med eit blått kryss framfor dei programområda på Vg2 eller Vg3 som eigentleg høyrer til i eit anna utdanningsprogram eller programområde.
I dei tilfella det er mogleg med kryssløp frå eit utdanningsprogram/programområde til eit anna, konkurrerer alle søkjarar på like vilkår, same kva Vg1 eller Vg2 dei kjem frå.
Overgang frå Vg1 studiespesialisering til Vg2 yrkesfag
Nokre fylkeskommunar tilbyr eit kryssløp der du som har fullført Vg1 studiespesialisering, kan gå over til Vg2 yrkesfag og samtidig fullføre opplæringa på normert tid.
- Du kan søkje deg til alle programområde på Vg2.
- Fordi du allereie har fullført kravet til fellesfag på Vg2 yrkesfag, skal du bruke desse timane til faget yrkesfagleg opphenting.
- I yrkesfagleg opphenting skal du hente opp kompetanse i programfaga frå Vg1. Det er fylkeskommunen som fastset kva for kompetansemål du skal nå i yrkesfagleg opphenting.
- Du skal ha standpunktkarakter i faget, men du skal ikkje ha eksamen.
- Elles følgjer du den ordinære opplæringa på Vg2 (programfag, yrkesfagleg fordjuping og kroppsøving) på lik linje med dei andre elevane på Vg2 yrkesfag.
Tilbodet om overgang frå Vg1 studiespesialisering til Vg2 yrkesfag er ikkje ein rett du har som elev, men eit tilbod fylkeskommunen kan gje. Ta kontakt med fylket ditt dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga.
Informasjon frå Vestland
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.