Val av framandspråk



I studieførebuande utdanningsprogram skal du, i tillegg til engelsk, ha eit anna framandspråk som fellesfag. Dette gjeld ikkje deg som skal ha opplæring etter læreplanane i

  • samisk som 1.- eller 2.-språk
  • finsk som 2.-språk
  • norsk teiknspråk

Har du opplæring etter ei av desse læreplanane, men likevel ønskjer framandspråk, må du ta dette utanfor timeramma.

Framandspråk fellesfag kan lesast på to nivå, nivå I og nivå II.

Hadde du framandspråk i grunnskolen?

Da kan du velje mellom å:

  1. Halde fram på nivå II i det same framandspråket som du hadde på ungdomstrinnet – med 113 timar på Vg1 og 112 på Vg2. Dersom skolen din tilbyr det, kan du også velje å ta framandspråk nivå III som programfag på Vg3 med 140 timar.
  2. Begynne med eit nytt framandspråk på nivå I – med 113 timar på Vg1 og 112 på Vg2. Dersom skolen din tilbyr det, kan du i tillegg velje å ta framandspråk nivå II som programfag på Vg3 med 140 timar.

Du kan altså ikkje velje å begynne på nytt med det same framandspråket som du hadde på ungdomstrinnet. Ver også merksam på at du heller ikkje har krav på å halde fram med det framandspråket som du hadde på ungdomstrinnet dersom skolen din ikkje tilbyr det.

Hadde du ikkje framandspråk i grunnskolen?

Da må du

  • begynne på nivå I i eit framandspråk  – med 113 timar på Vg1 og 112 på Vg2
  • halde fram på nivå II i det same framandspråket – med 140 timar på Vg3.

På Vg3 får du da færre timar til val av programfag.

Du som valde engelsk, norsk eller samisk fordjuping, eventuelt arbeidslivsfag, på ungdomstrinnet, må altså ha framandspråk i tre år på vidaregåande skole.

Framandspråk det ikkje blir undervist i

Dersom du kan eit framandspråk godt eller har eit anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, kan det hende at dette språket kan vere framandspråket ditt, på nivå I eller II. Dersom det ikkje blir undervist i språket ved skolen din, må du dokumentere kunnskapar i språket ditt ved ein privatisteksamen, både munnleg og skriftleg. Dette gjeld òg deg som kan
  • samisk, men ikkje har det som 1.- eller 2.-språk
  • teiknspråk, men ikkje har det som 1.-språk
  • finsk, men ikkje har det som 2.-språk

Kva språk det er mogleg å ta privatisteksamen i, finn du i avsnittet Dokumentasjon av kunnskapar i framandspråk. Du får nærmare informasjon om dette på skolen din.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.