Vaksenopplæring



Vaksne skal primært bli tekne inn til opplæringstilbod som er organiserte spesielt for vaksne, men som vaksen kan du også søkje om inntak til ordinær opplæring i vidaregåande skole.*

Dersom det er oppretta tilbod med eit avgrensa tal plassar:

  • Vaksne med vaksenrett går før vaksne utan slik rett. Dette gjeld både inntak til ordinær vidaregåande skole og til tilbod som er organiserte spesielt for vaksne.
  • Vaksne med vaksenrett som søkjer ordinær vidaregåande opplæring, blir prioriterte etter ungdom med rett til vidaregåande opplæring.
  • Dersom det er fleire søkjarar utan rett enn det er ledige plassar, stiller søkjarar med fullført studie- eller yrkeskompetanse bakarst i køen.
* Allmenn grunnopplæring i utlandet i minst 9 år eller dokumentert realkompetanse gjev grunnlag for inntak til Vg1 på lik linje med norsk grunnskole eller tilsvarande.

Informasjon frå Vestland

Informasjon frå Vestland vil vere klar i løpet av hausten

Vestland har tilleggsinformasjon til dette emnet. Informasjonen vil bli publisert her så snart han er klar.

  • Det er viktig at du les tilleggsinformasjonen frå Vestland.
  • Hald deg derfor oppdatert på vilbli.no utover hausten!

Her kan du lese informasjonen som gjeld for dette skuleåret:
Vaksenopplæring (skuleåret 2023-2024)