Utdanningsprogram og programområde



Den vidaregåande opplæringa har 15 forskjellige utdanningsprogram:
5 studieførebuande og 10 yrkesfaglege.

Det første året vel du utdanningsprogram, det andre og tredje året vel du programområde innan utdanningsprogrammet.

5 studieførebuande utdanningsprogram

10 yrkesfaglege utdanningsprogram

På Vg3 eller etter oppnådd yrkeskompetanse kan du velje påbygging til generell studiekompetanse i alle dei yrkesfaglege utdanningsprogramma.

Alle utdanningsprogramma og programområda

I dette pdf-dokumentet kan du sjå heile tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring med alle dei 15 utdanningsprogramma og alle programområda:

Tilbodsstrukturen for vidaregåande opplæring (pdf)

Oversikt over programområda

På sidene med utdanningsprogramma (f.eks. utdanningsprogram for bygg- og anleggsteknikk) finn du strukturkart som viser Vg1 i kvart utdanningsprogram og kva programområde på dei vidaregåande trinna, Vg2 og Vg3, som byggjer på desse.

Oppbyggjinga av vidaregåande opplæring er forklart i oversiktskartet.

Fagfornyinga

Frå og med skoleåret 2020–2021 blir det innført nye utdanningsprogram, programområde og læreplanar i vidaregåande opplæring. vilbli.no blir oppdatert i takt med at dei nye planane blir fastsette. Sjå også udir.no/fagfornyelsen

Oversikt over skolane

Dei fleste som tek vidaregåande opplæring, går eitt eller fleire år i skole som elev. Det finst både offentlege og frittståande vidaregåande skolar. Du må søkje om plass i vidaregåande skole.

fylkesoversikta finn du oversikt over alle skolane i fylket.

På sidene med utdanningsprogramma (f.eks. utdanningsprogram for bygg- og anleggsteknikk) finn du oversikt over kva for skolar som tilbyr dei ulike programområda. Skoletilboda blir vedtekne kvart år i januar (for neste skoleår). Hugs å velje fylket ditt i nedtrekkslista øvst på vilbli.no

Oversikt over lærebedriftene og opplæringskontora

I dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er det mange lærefag. I lærefag startar du opplæringa i vidaregåande skole, og som regel avsluttar du opplæringa som lærling (eller lærekandidat) med læretid i bedrift.

Du må søkje om læreplass i vidaregåande opplæring.

fylkesoversikten kan du finne oversikt over alle lærebedrifter og opplæringskontor i fylket (ikkje alle fylke har lagt ut ei slik oversikt). 

På sidene med utdanningsprogrammene (f.eks. tømrarfaget) finn du oversikt over kva for lærebedrifter og opplæringskontor som gir opplæring i dei ulike lærefaga. Hugs å velje fylket ditt i nedtrekkslista øvst på vilbli.no.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.