United World Colleges (UWC)



UWC er ei samanslutning av internasjonale skolar over heile verda. Målsetjinga er å føre elevar med ulik bakgrunn saman for at dei skal bli kjende med kulturen, religionen og språket til kvarandre. På den måten ønskjer skolen å auke forståinga mellom menneske og minske faren for konfliktar og krig.

Opplæringa ved UWC byggjer på Vg1 i studieførebuande utdanningsprogram. I løpet av to år ved UWC blir elevane førte fram til eksamen i International Baccalaureate – IB som gir generell studiekompetanse og grunnlag for inntak til universitet og høgskolar over heile verda.

Les meir på studieriutlandet.no og www.uwc.no

UWC-skolar

Kvart år blir totalt 40 norske elevar sende til UWC-skolane. Noreg disponerer 10 plassar ved UWC Red Cross Nordic i Noreg. Ved dei andre skolane nedanfor varierer talet på norske elevar frå år til år.

UWC Adriatic, Italia
UWC Atlantic College, Wales
UWC Changshu, Kina
UWC Costa Rica, Costa Rica
UWC Dilijan, Armenia
UWS ISAK Japan, Karuizawa, Japan
UWC Li Po Chun, Hong Kong
UWC Maastricht, Nederland
UWC Mahindra College, India
UWC Mostar, Bosnia og Herzegovina
UWC Pearson College, Canada
UWC Red Cross Nordic, Fjaler, Sogn og Fjordane, Norge
UWC Robert Bosch College, Tyskland
UWC South East Asia, Singapore
UWC Thailand, Phuket, Thailand
UWC USA, New Mexico
UWC Waterford KaMhlaba, Eswatini (Swaziland)

Søknad til UWC

  1. Du må fylle 17 år i løpet av året du søkjer. Elevar som er yngre enn 17, men likevel går i 1. klasse på vidaregåande (eller tilsvarande), kan også søkje.
    Elevar som er eldre enn 17 år, kan få innvilga dispensasjon frå alderskravet dersom det er spesielt tungtvegande grunnar til det. Ta kontakt med
    Diku (uwc@diku.no) i god tid før søknadsfristen dersom dette er aktuelt.
  2. Du må vere elev på Vg1 i eit av dei fem studieførebuande utdanningsprogramma i Noreg. Det gjeld også deg som er elev på International Baccalaureate i Noreg, er elev eller har sluttført siste året av International Baccalaureates Middle Years Programmes ved ein norsk skole, eller er elev på montessoriskolar, steinerskolar eller liknande. Du må dokumentere at opplæringa svarar til eit av dei fem studieførebuande utdanningsprogramma eller International Baccalaureate.
  3. Du må ha norsk som morsmål eller kunne dokumentere gode norskkunnskapar.
  4. Du må vere norsk statsborgar eller ha krav på støtte frå Lånekassen som barn av ein EØS-borgar. Du må også ha fast bustad i Noreg på søknadstidspunktet.
  5. Du kan ikkje søkje dersom du har søkt opptak til UWC tidlegare.
  6. Personer som har varig opphold i Norge som flyktning eller i kraft av reglene om familiegjenforening kan søke om opptak til UWC Red Cross Nordic i Fjaler. For slike kandidater kan vi gjøre unntak fra kravene til alder, utdanningsbakgrunn og språkkunnskaper.
Søknaden din må gjelde alle skolane – du kan ikkje søkje deg til ein spesiell skole. Skolepengar og andre utgifter blir i hovudsak dekte av stipend, men du må rekne med ein viss eigendel.

Søknadsfrist: 25. januar

Inntaket blir administrert av DIKU – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning:

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.