Svar på tilbod om plass



Melding om inntak

I juli får du melding om inntak til videregåande skole. Informasjon om kva dato inntaket er klart i ditt fylke, finn du i inntakskalenderen eller ved å ta kontakt med inntakskontoret.

  • Du får melding om at inntaket er klart via SMS (i somme fylke via e-post). 
  • Logg inn på vigo.no med MinID for å finne ut kva tilbod du har fått.
  • Svar på tilbod om plass og/eller ventelisteplass.
NB: Svarfristen er ca. 1 veke etter inntaksdato. Du risikerer å miste tilbodet om plass og/eller ventelisteplass dersom du ikkje held svarfristen.
  • Hugs passordet ditt til MinID
  • Lær deg fødselsnummeret ditt
  • Du treng mobiltelefonen din*

  • Ta godt vare på PIN-kodebrevet ditt!
  • Treng du hjelp med MinID?
    Har du mista PIN-kodane eller gløymt passordet?
    Les om å logge inn på vigo.no og hjelp til MinID.

*
Har du ikkje mobiltelefon, må du bruke PIN-kodar frå kodebrevet.

Svartypar etter inntak

Det finst tre svartypar. Du skal svare ja eller nei ved å hake av i den ruta som passar. Hugs at rekkjefølgja som du har ført opp på søknadsskjemaet ditt, er bindande heile tida.

  1. Tilbod om plass på det første ønsket
    • Dette er det einaste tilbodet du får. Du får ikkje tilbod om plass på lågare ønske.
    • Dersom du svarar nei, blir du teken ut av inntakssystemet.
  2. Tilbod om plass på eit lågare ønske og ventelisteplass på høgare ønske
    • Du kan ta imot det tilbodet du har fått, og samtidig stå på venteliste til høgare ønske – altså svare ja til tilbod og ja til venteliste. Det bør du gjere!
    • Dersom du har svara ja til ventelisteplass og får eit nytt tilbod om plass på eit høgare ønske, så har du ikkje lenger plassen du takka ja til tidlegare.
    • Dersom du svarar nei til tilbydd plass, mister du han. Sjølv om du svarar ja til ventelisteplass, er det ikkje sikkert at du får tilbod om plass på eit høgare ønske seinare. Du kan derfor risikere å bli ståande utan skoleplass.
    • Legg merke til at du ikkje blir ståande på venteliste til lågare ønske enn det du er teken inn til.
    • I ein del fylke kan du velje å stå på venteliste til berre nokre av dei høgaste ønska dine, medan du i andre fylke må stå på venteliste til alle dei høgare ønska dine.
  3. Tilbod om ventelisteplass
    • Svarar du ja, blir du ståande på venteliste.
    • Svarar du nei, blir du teken ut av inntakssystemet.

Førehandssvar

Dersom du er bortreist eller ikkje har høve til å svare på tilbodet innan fristen, kan du registrere førehandssvar på søknaden din på vigo.no. Det kan du gjere frå 2. mars og fram til 1. juli i dei fleste fylka. I ein del fylke kan du registrere førehandssvar med ein gong du har registrert søknaden på vigo.no.

Informasjon frå Vestland



Svar på tilbod om plass i Vestland

Vi har tre inntak i Vestland. Du kan gå inn på vigo.no og sjå resultatet og svare på tilbod om plass/venteliste. Hugs at du må svare innan fristen.

I perioden 1. mai til 30. juni kan du registrere førehandssvar. Dette svaret gjeld for alle tre inntaka, men du kan likevel endre svaret i den ordinære svarperioden om du ønskjer det.