Stipend og lån frå Lånekassen



Er du elev i vidaregåande skole, kan du søkje om stipend og lån frå Lånekassen. Alle elevar får utstyrsstipend, nokre får bortebuarstipend, og nokre får inntektsavhengig stipend. Du kan få stipend i ti månader per skoleår.

For å få lån til vidaregåande opplæring frå Lånekassen må du vere over 18 år og bu borte frå foreldra dine.

Det er éin felles søknad for stipend og lån. Når du søkjer, sjekkar Lånekassen automatisk kva du har rett til. Men dersom du ønskjer å søkje om inntektsavhengig stipend, må du hugse å krysse av for dette i søknaden.

Les meir om stipend og lån på lanekassen.no.

Utstyrsstipend – hugs å søkje!

Går du på Vg1, Vg2 eller Vg3 og har ungdomsrett, får du utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipendet uansett kor mykje foreldra dine tener, men du må søkje for å få det. Søk om stipend når du har fått skoleplass og har takka ja til denne.

Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har ikkje rett til utstyrsstipend, men kan ha rett til lån eller andre stipend.

Bortebuarstipend

Du kan ha rett til bustipend på inntil 4 709 kroner per månad (2021–2022) dersom du må bu borte frå foreldra dine når du er i vidaregåande opplæring. I tillegg må minst eitt av desse vilkåra vere oppfylte:

  • Avstanden mellom foreldreheim og skole er fire mil eller meir.
  • Reisetida mellom foreldreheim og skole er tre timar eller meir tur-retur. Skolen må stadfeste dette.
  • Særlege forhold av personleg eller sosial karakter som gjer at du ikkje kan bu heime.

 Du kan også ha rett til reisestipend dersom du ikkje bur med foreldra dine.

Inntektsavhengig stipend – avhengig av inntekta til forsørgjarane dine

Grunnstipend er meint å vere eit bidrag til å dekkje levekostander for elevar frå familiar med svak økonomi. Dei som får grunnstipend, kan få inntil 3 421 kroner per månad (2021–2022). Kva du får, er også avhengig av økonomien til begge forsørgjarane dine, og kor mange søsken du har som er fødde i 2003 eller seinare.

Slik søkjer du

Når du har fått skoleplass og takka ja til denne, søkjer du om stipend og lån på lanekassen.no. Du brukar berre éin søknad same kva type støtte du søkjer om.

Logg inn på søknaden med MinID eller BankID, slik som da du søkte om skole- eller læreplass.

Under 18 år? Be foreldra dine opprette digital postkasse før du søkjer

Dersom du er under 18 år, må foreldra dine signere avtalen om støtte for deg. Dette kan dei gjere elektronisk. Dersom dei opprettar ein digital postkasse før du søkjer, får dei svaret i den digitale postkassen og kan signere for deg med ein gong.

Foreldra dine opprettar ein digital postkasse (Digipost eller e-Boks) på www.velgdigitalpostkasse.no. Det einaste dei treng, er BankID. 

Søknadsfristar

Søknaden må vere komen inn til Lånekassen seinast

  • 15. november for hausthalvåret
  • 15. mars for vårhalvåret

Følg søknaden din på Dine sider

Du loggar inn på Dine sider via lanekassen.no. Her kan du blant anna

  • søkje om støtte
  • følgje med på søknaden din
  • finne ut kor mykje du har fått, og når pengane kjem

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.