Spesielle tilbod i fylket



Ved nokre skolar i nokre fylke blir det oppretta spesielle tilbod. Slike spesielle tilbod kan vere fordjupingar innanfor eit programområde (f.eks. idrettsfag med alpint eller studiespesialisering med toppidrett) eller kombinasjon av yrkesfaglege og studieførebuande programområde (f.eks. yrkes- og studiekompetanse – YSK / tekniske og allmenne fag – TAF).

Du finn oversikt over dei spesielle tilboda i ditt fylke under det enkelte programområdet på sidene med utdanningsprogramma (tilboda blir lagde ut i januar). Du kan òg lese meir på denne sida, dersom fylket ditt har lagt inn informasjon nedanfor.

Informasjon frå Vestland



Spesielle tilbod i Vestland fylke

Desse tilboda kan alle i Vestland søkje på uavhengig av bustadkommune. Det blir ikkje gitt nærskulepoeng til desse tilboda sjølv om skulen ligg i nærskuleområdet til eleven

Studiespesialisering med førebuande IB (preIB) på Vg1

Dette er eit tilbod til elevar som vurderer å søkje om inntak til International Baccalaureate (IB) etter Vg1 Studiespesialisering. Førebuande IB er vanleg Vg1 Studiespesialisering der ein følgjer norske læreplanar og fagval. Det meste av undervisninga er på engelsk med erfarne IB-lærarar. Du kan lese meir om dette tilbodet på Bergen Katedralskole.

Treårig elektrofag med spesiell studiekompetanse

Dette er eit tilbod som er spesialtilpassa elevar frå ungdomsskulen som t.d. ønskjer å bli ingeniør, og der elevane alt frå første året i vidaregåande skule får opplæring som førebur dei på dette.

Tilbodet er fagleg krevjande. Søkjarar bør difor ha rimeleg gode karakterar frå ungdomsskulen og vere interesserte både i teoretiske og praktiske fag.

Les meir om tilbodet på Laksevåg og Bergen maritime videregående skole si nettside.

Treårig Helse og oppvekstfag med studiekompetanse

Dette er eit treårig tilbod for elevar frå ungdomsskulen som ynskjer eit praksisretta løp innan Helse og oppvekstfag. Opplæringa har same fag og tal timar som summen av eit ordinært toårig yrkesfagleg løp og Vg3 påbygg.

Meir om tilbodet finn du på nettsida til Nordahl Grieg videregående skole, Fyllingsdalen videregående skole og Olsvikåsen videregående skole.

Studiespesialisering med teknologifag

Dette tilbodet kombinerer praktisk og teoretisk utdanning innanfor Studiespesialisering. Etter dei tre åra får elevane utdanning innanfor teknologiske fag som fører fram til at ein kan søkje høgskular og universitet som t.d. ingeniør, sivilingeniør eller andre tekniske-/naturvitenskaplege utdanningar.

Sotra vidaregåande skule si nettsida kan du lese meir om dette tilbodet.

4-årig yrkes- og studiekompetanse (YSK-modellen)

Denne utdanninga (tidlegare kalla TAF) fører i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. Dei to første åra har ein status som elev, og går tre dagar på skule og arbeider to dagar i bedrift. Dei to siste åra har ein status som lærling med lærekontrakt.

Tredje året er fordelinga mellom skule/bedrift som i dei to første, medan ein er bedrift 3 dagar i veka det siste året.

Følgjande skular i Vestland fylke har fylkesdekkande tilbod innan YSK-opplæring:

Knarvik vidaregåande skule har faga Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi og industrifag og Helse- og oppvekstfag

Fusa vidaregåande skule har faga Helse- og oppvekstfag, Naturbruk - marine fag, Restaurant- og matfag og Teknologi og industrifag

Måløy vidaregåande skule har faga Helse- og oppvekstfag, Naturbruk - marine fag og Teknologi og industrifag

Spissa toppidrett

Eleven søkjer ordinære utdanningsprogram og må i tillegg hake av under tilleggsopplysningar i søknaden i Vigo om at det blir søkt om spissa toppidrettstilbod gjennom Olympiatoppen Vest-Norge( OLTV).

Ungdommen må også fylle ut eit eige søknadskjema og sende til Olympiatoppen Vest innan søknadsfristen 1. mars. OLTV vil svare før 1. mai.

Dersom OLTV vurderer at eleven kvalifiserer som toppidrettsutøvar, men at søkjar ikkje har rett på nærskulepoeng til skulen ein søkjer toppidrett på, vil det bli tildelt nærskulepoeng til utdanningsprogrammet på skulen.

Eleven har rett til å halde fram på Vg2 og Vg3 ved same skule for alle studieførebuande utdanningsprogram , under føresetnad av at søkjaren er kvalifisert for inntak til neste nivå. Karakterinntaket gjeld derfor for inntak til Vg1.

Skular som har tilbod om spissa toppidrett i regi av OLTV:

Tertnes videregående skole og Amalie Skram videregående skole
For søkjarar som ønskjer idrettane symjing eller stuping kan det vere eit alternativ å søke Amalie Skram vgs på første ønskje og Tertnes vgs på andre ønskje.

Eleven skal søkje Vg1 studiespesialisering

Voss gymnas
Eleven skal søkje Vg1 idrettsfag. Meir informasjon ligg på skulen si nettside.

Sogndal vidaregåande skule
For deg som ønsker å søke spissa toppidrett i fotball, må du søke Vg1 idrettsfag ved Sogndal vgs.

Det er sett av nokre plassar per årssteg til deltaking i spissa toppidrettstilbod i fotball.

Hafstad vidaregående skule
For deg som ønsker å søke spissa toppidrett i volleyball ved Hafstad vgs, må du søke ordinær Vg1 studiespesialisering.

Nokre plassar per årssteg er sett av til deltaking i spissa toppidrettstilbod i volleyball.

Åsane vidaregående skule
For deg som ønsker å søke spissa toppidrettstilbod ved Åsane vgs, må du søker ordinær Vg1 bygg- og anleggsteknikk.

Til Vg2 yrkesfag er det ikkje mogeleg å få til rett til oppflytting til neste nivå, som i studieførebuande utdanningsprogram. Det er karakterbasert inntak til Vg2 og Vg3 yrkesfag, så her må du søke på lik line med dei andre søkarane til det programområdet du ønsker.

Utveksling til utlandet

Elevane kan ta Vg2 i utlandet. Ein kan velje mellom Frankrike, Tyskland, USA og fleire. Meir om dette tilbodet på nettsidene våre.