Søknad og inntak til Vg1



På 10. trinn må du velje kva for utdanningsprogram du skal søkje på. Som hovudregel søkjer du i fylket du bur i

  • Du har rett til å kome inn på eitt av dei tre utdanningsprogramma du ønskjer mest.
  • Sluttkarakterane dine frå 10. trinn kan vere med på å avgjere om du kjem inn på førsteønsket ditt.

Inntaksreglar i fylket

Kvart fylke har eigne reglar som avgjer kva skolar du kan søkje på. Undersøk kva for reglar som gjeld for ditt fylke. Vanlegvis følgjer inntaksreglane i fylket eitt av desse tre prinsippa:

  • Du kan søkje alle skolar i fylket.
  • Du kan søkje skolar som ligg i din del av fylket (din region).
  • Du må søkje den skolen som ligg nærast der du bur.

I fylke der du kan velje mellom skolar, vil karakterane dine frå 10. trinn vere med på å avgjere kva for skole du kjem inn på.

Informasjon frå Vestland



Nærskulepoeng i Vestland

Du kan få inntaksområdepoeng dersom du vel ein skule som ligg i inntaksområdet ditt.

Les meir om nærskulepoeng