Søk om utstyrsstipend



Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen, men du må søkje for å få det. Utstyrsstipendet er ikkje avhengig av kor mykje foreldra dine tener.

Når du søkjer om utstyrsstipend, sjekkar Lånekassen automatisk om du også har rett til andre stipend.

Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har ikkje rett til utstyrsstipend, men kan ha rett til lån eller andre stipend. 

Slik søkjer du om utstyrsstipend

Du kan søkje om stipendet via vigo.no når du takkar ja til skoleplassen, eller på lanekassen.no.

Logg inn på søknaden med MinID eller BankID, slik som då du søkte om skole - eller læreplass.

Les meir på lanekassen.no.

Kor mykje får du?

Kor mykje du får i stipend er avhengig av kva utdanningsprogram du tek. Du får heile utstyrsstipendet i første utbetaling. Søkjer du om stipend for berre eitt semester, får du halvparten av beløpet utbetalt.


Beløpa i tabellen nedanfor gjeld for skoleåret 2020–2021.

Studieforberedende utdanningsprogram   
 Beløp per år
 Idrettsfag
 4 513
 Kunst, design og arkitektur 1 648
 Medium og kommunikasjon 1 096
 Musikk, dans og drama 1 096
     - Musikk, dans og drama med dans
 4 513
 Studiespesialisering 1 096
     - Studiespesialisering med toppidrett 2 657

 

Yrkesfaglege utdanningsprogram 
 Beløp per år 
 Bygg- og anleggsteknikk 4 513
 Elektro og datateknologi
 2 657
 Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign 2 657
    - Vg2 frisør 4 513
 Helse- og oppvekstfag 1 648
 Handverk, design og produktutvikling  4 513
 Informasjonsteknologi og medieproduksjon  1 096
 Naturbruk 4 513
    - Vg3 landbruk
 1 648
    - Vg3 naturbruk, studieforberedende 1 648
 Restaurant- og matfag 1 648
 Sal, service og reiseliv 1 096
 Teknologi- og industrifag
 2 657
    - Vg2 kjemiprosess og laberatoriefag
 1 096
 Påbygging til generell studiekompetanse 1 096

Søk på nytt dersom du byter utdanningsprogram

Dersom du byter til eit utdanningsprogram som gir rett til meir penger i stipend, etter at du har søkt om og fått innvilga utstyrsstipend, må du søkje på nytt for å få utbetalt differansen.

Utstyrsstipend til vidaregåande i utlandet

Tek du inntil eitt år av den vidaregåande opplæringa i utlandet, kan du få like mykje i utstyrsstipend som for det utdanningsprogrammet du følgjer i Noreg. Vel du å ta heile den vidaregåande opplæringa i utlandet, får du eit utstyrsstipend på  1 096 kroner per år (2021–2022). Les meir på lanekassen.no/utveksling.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.