Skoleskyss



Fylkeskommunen har ansvaret for skoleskyss for elevar i vidaregåande opplæring som er busette i fylket, og som bur meir enn seks kilometer frå skolen. Du kan få gratis skoleskyss eller skyssgodtgjersle. Nokre fylke har fått dispensasjon frå reglane om skoleskyss.

Dersom du vel eit anna opplæringstilbod enn det fylkeskommunen gir deg, har du ikkje rett på skoleskyss. Dersom du er lærling eller lærekandidat, eller følgjer eit opplæringstilbod organisert spesielt for vaksne, har du heller ikkje rett på skyss.

Informasjon frå Vestland



Skuleskyss i Vestland

Du finn informasjon om skuleskyss på Skyss.no sine nettsider.