Skolegang i Norden



Dei nordiske landa – Danmark, Finland, Island, Sverige og Noreg – har inngått ein gjensidig avtale om at ungdom med fast bustad i eit anna nordisk land har same rett til vidaregåande opplæring som landets eigne statsborgarar. Dersom du har fullført delar av vidaregåande opplæring i eit anna nordisk land, blir opplæringa i prinsippet godkjend på same vilkår som for elevar som flyttar frå éin skole til ein annan i Noreg. Dette gjeld vidaregåande opplæring frå både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.

Info Norden er Nordisk Ministerråds informasjonsteneste for nordiske borgarar som flyttar frå eit nordisk land til eit anna. På norden.org/info finn du informasjon om å flytte, studere og jobbe i Norden.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.