Servitør (fagbrev)

Aktuelle arbeidsstader

Servitøren arbeider i alle typar serveringsstader, hotell og restaurantar og i lokale der det blir arrangert selskap/bankettar eller kurs og konferansar.

Sentrale arbeidsoppgåver

Sentrale arbeidsområde er

  • å kombinere mat og drikkevarer til ulike menyar, og presentere og servere desse på ein fagleg korrekt måte
  • anbefale rettar ut frå kultur, religion og behov for spesialkost
  • tillaging, arrangering og servering av varme og kalde drikkar, alkoholfrie og alkoholhaldige
  • istandsetjing av lokale for ulike anledningar
  • bruk av informasjonsteknologi og tekniske hjelpemiddel

Personlege eigenskapar

Ein servitør må ha gode kunnskapar om mat og drikke, kunne arbeide planmessig og hygienisk, både sjølvstendig og saman med andre. Du må ha god presentasjonsevne, både munnleg og skriftleg, gode språkkunnskapar, og ei positiv og innbydande framferd. Du må ha god kommunikasjon med kollegaer og gjestar, og vise forståing for gjesten sine ønskje og behov.  Ein servitør arbeider ofte skift.