Særskilt språkopplæring for språklege minoritetar



Dersom du har eit anna morsmål enn norsk eller samisk, har du rett til særskilt norskopplæring inntil du har tilstrekkeleg ferdigheit i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

Skolen skal kartleggje norskkunnskapane dine før det blir gjort vedtak om særskilt språkopplæring. Kartlegging skal også skje undervegs i opplæringa slik at det kan fastsetjast når du kan gå over til den vanlege opplæringa.

Har du behov for særskilt norskopplæring, er det tre moglegheiter:

  1. Du kan følgje læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar. Denne læreplanen er aldersuavhengig og nivådelt, og du får ikkje karakter i norsk. Du følgjer denne læreplanen inntil du kan gå over til den ordinære læreplanen i norsk.
  2. Du kan følgje fastsett læreplan i norsk for elevar i vidaregåande opplæring med kort butid i Noreg. Kort butid vil seie mindre enn seks år. Denne læreplanen kan brukast på alle tre trinn. Det er frivillig å følgje denne læreplanen.
  3. Du kan følgje den ordinære læreplanen i norsk med tilpassingar.

Når du får eller har fått særskilt norskopplæring, er du friteken frå opplæring i skriftleg sidemål.

Dersom det er nødvendig, har du også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i andre fag enn norsk eller begge delar.

Særskilt norskopplæring og tospråkleg opplæring i fag skal givast på den skolen du går på, morsmåslopplæring kan givast på ein annan skole.

Dersom morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag ikkje kan bli gitt av eigna undervisningspersonale, skal det så langt som mogleg leggjast til rette for anna opplæring tilpassa dine føresetnader.

Har du rett til særskilt språkopplæring, har du også rett til å bruke inntil to år ekstra på vidaregåande opplæring.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.