Rettar og plikter som lærling
- Som lærling skal du delta aktivt i både opplæringa og verdiskapinga i lærebedrifta.
- Du har rett til å få den opplæringa læreplanen fastset, men du har samtidig plikt til å delta aktivt for å nå opplæringsmåla og til å delta i planlegginga og vurderinga av ditt eige læringsarbeid.
- Du skal medverke til å skape eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsforhold.
- Du må møte til den fag-/sveineprøva lærebedrifta melder deg opp til.
- Læretida er fastsett i lærekontrakten din ut frå normal arbeidstid i faget.
- Du er arbeidstakar i lærebedrifta med dei rettar og plikter som følgjer av lover og tariffavtale, bl.a. når det gjeld arbeidstid, ferie og fridagar.
- Som alle andre arbeidstakarar har du, i tillegg til lærekontrakten, krav på ein skriftleg arbeidsavtale med lærebedrifta.
Informasjon frå Vestland
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.