Rett til utvida tid til opplæring



Ungdomsretten gjev deg i nokre tilfelle rett til ekstra opplæringstid.

Utvida opplæringstid ved spesialundervisning

Du kan få inntil to ekstra opplæringsår dersom du har rett til

* Krev ei sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste.

Utvida opplæringstid ved omval

  • Ved omval får du utvida tid, slik at du kan fullføre opplæringa.
  • Ved omval vil utvida opplæringstid automatisk bli registrert i Vigo. Du trenger derfor ikke å søkje om ekstra opplæringstid.
  • Husk at du berre kan gjere omval med rett til utvida tid éin gong.

Utvida ungdomsrett

Dersom du av andre tungtvegande grunnar blir forhindra i å fullføre opplæringa på normert tid, kan du søkje om utvida ungdomsrett. Det kan til dømes gjelde ved langvarig sjukdom, sosiale utfordringar eller andre forhold (til dømes militærteneste eller svangerskap). Ver merksam på at reglane for utvida ungdomsrett varierer frå fylke til fylke. Nærmare informasjon får du av rådgivaren ved skolen.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.