Rett til utvida tid til opplæring



Ungdomsretten gjev deg i nokre tilfelle rett til ekstra opplæringstid.

Utvida rett ved spesialundervisning

Du kan få inntil to ekstra opplæringsår dersom du har rett til

* Krev ei sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste.

Utvida rett ved omval

  • Ved omval får du utvida tid, slik at du kan fullføre opplæringa. Husk at du berre kan gjere omval med rett til utvida tid éin gong.

Utvida rett ved påbygging til generell studiekompetanse

Utvida opplæringstid ved sjukdom eller andre forhold

  • Dersom du har mista store delar av eit skoleår i vidaregåande opplæring på grunn av skade eller sjukdom, kan du også søkje om utvida opplæringstid.
  • Du kan søkje om utsetjing og reservert plass seinare ved til dømes militærteneste, svangerskap eller tvingande medisinske/sosiale forhold.

Nærmare informasjon får du av rådgivaren ved skolen.

Informasjon frå Vestland



Rett til utvida tid i Vestland

Du kan søkje om utvida tid ved å bruke søknadskjemaet vårt.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med oss på telefon 51207117 eller e-post inntak@vlfk.no.