Rett til påbygging til generell studiekompetanse

Du har rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse etter at du har fått yrkeskompetanse (med eller utan fag-/sveinebrev) når desse to vilkåra er oppfylte:
  1. Du har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring innan utgangen av det året du fyller 24 år.
  2. Du har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014 eller seinare.

Du kan ta påbygging til generell studiekompetanse innanfor ungdomsretten eller vaksenretten. Ver merksam på at reglane for støtte fra Lånekassen er forskjellige for dei som har ungdomsrett og dei som har vaksenrett.

Påbygging innanfor ungdomsrett: innan utgangen av året du fyller 24 år

Når du avsluttar Vg3 påbygging til generell studiekompetanse innan utgangen av det året du fyller 24 år, får du opplæringa innan ungdomsretten. Dette gjeld også deg som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring utan ungdomsrett (for eksempel fordi han var brukt opp eller tapt).

Påbygging innanfor vaksenrett: etter fylte 24 år

Får du ikkje teke påbygging til generell studiekompetanse innan utgangen av det året du fyller 24 år, har du rett til å ta påbyggingsåret innanfor vaksenretten.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.