Rett til omval



Dersom opplæringsløpet du har valt, ikkje passar for deg, har du rett til å gjere eitt omval. Omval tyder at du vel eit anna utdanningsprogram eller programområde enn det du har begynt på. (Dersom du ønskjer å ta det same utdanningsprogrammet eller programområdet om igjen, er det ikkje eit omval.)

For å ha rett til omval må du ha ungdomsrett.

  • Du kan gjere omval til eit lågare trinn, til dømes velje eit nytt utdanningsprogram på Vg1 etter at du er ferdig med Vg2.
  • Du kan gjere omval på samme trinn, til dømes ved å velje eit nytt programområde på Vg2.
  • Ved omval får du utvida tid, slik at du kan fullføre opplæringa. Hugs at omval med rett til utvida tid berre kan gjerast éin gong.

Fylket har ein frist for når i skoleåret du begynner å bruke av opplæringsretten din. Denne fristen er tidlegast 1. november, men i nokre fylke er han seinare enn dette. Det er først når du avbryt opplæringa etter denne fristen, at du ved omval har bruk for å få utvida opplæringsretten din.

Du kan ikkje gjere omval etter fullført treårig vidaregåande opplæring i skole eller avlagd fag-/sveineprøve.

Informasjon frå Vestland



Omval i Vestland

Gjer du omval etter Vg1 til nytt utdanningsprogram i Vg1, får du utvida retten automatisk med eitt år.

Gjer du omval etter Vg2, men startar opp igjen på eit anna programområde innanfor det same utdanningsprogrammet, vil også retten automatisk bli utvida med eitt år.

Gjer du omval etter Vg2 og begynner på eit nytt utdanningsprogram i Vg1, får du automatisk utvida retten med to år.

At du får utvida Ungdomsrett gjer at du kan fullføre enten det gamle utdanningsprogrammet/programområdet, eller det nye, utan å måtte søkje om utvida rett. Rettsutvidinga gjeld berre første gang du gjer omval.

Du får også eitt års automatisk utviding av ungdomsretten dersom du sluttar i Vg3 etter november i skuleåret, og ikkje har gjort eit omval tidlegare.I praksis vil du berre få opplæringsrett til å starte opp igjen på same nivå som du slutta på. Dersom du likevel ynskjer å gå tilbake til eit lågare nivå, vil du ikkje ha rett til å fullføre det nye utdanningsprogrammet/programområdet.