Reiselivsmedarbeidar (fagbrev)
Vel eit løp for å lese meir om opplæringa
1. år
2. år
3. år
4. år
Aktuelle arbeidsstader
Ein reiselivsmedarbeidar kan arbeide innanfor ei rekkje verksemder, til dømes reise- og bookingbyrå, turoperatørar, turistkontor, jernbaneselskap, event- og attraksjonsbedrifter og ferjereiarlag.
Sentrale arbeidsoppgåver
Sentrale arbeidsområde er
- kunde-/gjestebehandling
- rådgiving og rettleiing om reiser og reisemål
- planleggjing og gjennomføring av aktiviteter og opplevingar
- bruk av informasjonsteknologi som sals- og støtteverktøy
- bruk av søkjemotorar og bookingsystem
- reservasjon og billettering
- marknadsføring og salsarbeid
Personlege eigenskapar
Du må kunne arbeide sjølvstendig, planmessig og effektivt, ofte i høgt tempo. Reiselivsmedarbeidaren må kunne kommunisere og samhandle med menneske frå ulike kulturar og yte god service. Du må ha gode språkkunnskapar, kulturforståing, geografiske kunnskapar og sosial dugleik.