Realkompetansevurdering
Du har rett til å få vurdert realkompetansen din når du søkjer vidaregåande opplæring med vaksenrett. Realkompetanse er den kompetansen du har opparbeidd deg gjennom formell opplæring og gjennom deltakelse i arbeidsliv og samfunnsliv, ved kurs, bedriftsintern opplæring og liknande. Målet er at opplæringstilbodet skal bli tilpassa ditt behov.
- Realkompetanse skal vurderast ut frå aktuelle læreplanar for fag, som kan vere både fellesfag og programfag.
- Dersom realkompetansen er likeverdig med kompetanse som blir oppnådd gjennom formell opplæring, skal han bli godkjend. Du kan få godkjent heile eller delar av faget.
- Godkjend realkompetanse i eit fag er likeverdig med bestått i faget.
- Godkjend realkompetanse skal dokumenterast med kompetansebevis, eventuelt med vitnemål.
- Du kan ikkje få realkompetansevurdering som sluttvurdering i fag frå læreplanar for Vg3 i yrkesfaglege utdanningsprogram.
Er du vaksen utan rett til vidaregåande opplæring, har du krav på å få vurdert realkompetansen din dersom kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten (Nav) viser deg til fylkeskommunen. Det er då tilvisande instans som skal dekkje utgiftene til vurderinga. Fylkeskommunen kan også realkompetansevurdere andre vaksne, men kan då ta seg betalt for tenesta.
Klage på realkompetansevurdering
Du har rett til å klage på at realkompetansen din ikkje blir godkjend. Klaga skal sendast til den instansen som har vurdert realkompetansen. Ved klage på realkompetansevurdering skal reglane i forvaltningslova kapittel 6 følgjast, bortsett frå når det gjeld kompetansen til klageinstansen.
Klagefristen er 3 veker.
Informasjon frå Vestland
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.