Rådgiving og rettleiing



Informasjon frå Vestland



Rettleiingstenesta vår

Rettleiingstenesta gir fagleg oppfølging og støtte til elevar, lærlingar, lærekandidatar, ungdom og vaksne.

Tenesta omfattar pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), fagopplæring og vaksenopplæring.

Meir om tenesta og kontaktinformasjon finn du på nettsida vår.

 

Elev- og lærlingombodet

 Dei to elev- og lærlingomboda våre jobbar for at du som er elev, lærling eller lærekandidat får oppfylt rettane dine.

Hos dei kan du få råd, rettleiing og støtte. Vi kan følgje opp saka di og vere med på å kvalitetssikre opplæringa i skule og bedrift.

Les meir om kva dei kan hjelpe deg med på nettsida vår.

 

Minoritetsrådgjevarar

Vi har fleire minoritetsrådgjevarar som er utplassert på fire skular i fylket. Både elevar og tilsette ved dei vidaregåande skulane i fylket kan ta kontakt med dei.

Les meir om rådgjevarane på nettsida vår.