Pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta)
Alle som har tilknyting til vidaregåande opplæring – elevar, lærlingar, lærekandidatar, foreldre, lærarar, faglege leiarar – kan ta kontakt med PP-tenesta og søkje hjelp og rettleiing der.
Rådgivarane i PP-tenesta har teieplikt. Det som blir sagt, blir ikkje sagt vidare utan at det er gitt løyve til det. Når du er einig, samarbeider PP-tenesta med familien din, skolen eller andre instansar, til dømes helse- og sosialetaten, NAV-kontoret og oppfølgingstenesta.
PP-tenesta står for den sakkunnige vurderinga dersom du ønskjer spesialundervisning. Dersom du har behov for spesiell tilrettelegging av opplæringa eller tilrettelegging av prøvar og eksamenar, kan PP-tenesta vere med å rettleie skulane og utarbeide nødvendig dokumentasjon.
Rådgivingstenesta ved dei vidaregåande skolane hjelper deg å komme i kontakt med PP-tenesta i fylket ditt.
Informasjon frå Vestland
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.