Oppfølgingstenesta (OT)
Oppfølgingstenesta arbeider med og for ungdom som har rett til vidaregåande opplæring til og med det året dei fyller 21 år. Oppfølgingstenesta skal kontakte deg viss du
- ikkje har søkt vidaregåande opplæring
- ikkje har teke imot tildelt elev- eller læreplass
- har avbrote opplæringa før ho er ferdig
- ikkje er i arbeid
Oppfølgingstenesta skal hjelpe til med å formidle tilbod om opplæring, arbeid eller kompetansefremjande tiltak, eventuelt ein kombinasjon av desse. Opplæringa skal så langt som råd er, føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse.
Oppfølgingstenesta samarbeider med fylkeskommunale, kommunale og statlege instansar som òg har ansvar for ungdom.
Du kan sjølvsagt ta direkte kontakt med oppfølgingstenesta. Næraste vidaregåande skole eller inntakskontoret kan gje deg adresse og telefonnummer til oppfølgingstenesta i ditt område.
Informasjon frå Vestland
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.