Lærekandidat



Å bli lærekandidat kan vere eit alternativ for deg som trur det kan bli vanskeleg å fullføre eit fag- eller sveinebrev. Som lærekandidat tek du sikte på å meistre eit avgrensa tal kompetansemål.

  • Opplæringskontrakt
    Lærekandidatar inngår ein opplæringskontrakt med lærebedrifta eller opplæringskontoret når læretida tek til. Dei same reglane gjeld for ein opplæringskontrakt som for ein lærekontrakt.
  • Kompetanseprøve
    Som lærekandidat skal du ved slutten av kontraktstida gå opp til ei kompetanseprøve som er ei mindre omfattande prøve enn fag-/sveineprøva. Du skal då prøvast ut frå dei måla som er fastsette for opplæringa di. Ved kompetanseprøve gjeld karakterane «Bestått mykje godt», «Bestått» og «Ikkje bestått».

Dersom det i løpet av læretida viser seg at du likevel kan oppnå yrkeskompetanse, kan opplæringskontrakten, etter samtykke frå fylkeskommunen, endrast til ordinær lærekontrakt med fag-/sveinebrev som mål.

Søknad og formidling

Fylkeskommunen skal leggje opp eit opplæringsløp som er tilpassa kvar enkelt lærekandidat. Dette krev ein del førearbeid. Ta derfor kontakt med rådgivaren ved skolen din viss du ønskjer opplæringskontrakt med ei lærebedrift. Rådgjevaren kan gje deg nærare opplysningar og hjelpe deg med søknad om læreplass som lærekandidat. Søknadsfristen er 1. februar.

Rettar og plikter som lærekandidat

Lærekandidatar har tilsvarande rettar og plikter som lærlingar, sjå Rettar og plikter som lærling. Dette gjeld for lærekandidatar:

  • Læreplanen blir erstatta med den individuelle opplæringsplanen.
  • Fag-/sveineprøva blir erstatta med kompetanseprøva.
  • Lærekontrakten blir erstatta med opplæringskontrakten.

Spesialundervisning

Lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Dersom det er behov for det, kan du utvide opplæringstida med inntil to år. Behovet for spesialundervisning og eventuelt utvida opplæringstid må vere stadfesta i ei sakkunnig vurdering frå PPT. Det skal utarbeidast ein individuell opplæringsplan for spesialundervisninga.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.