Kva er vidaregåande opplæring?



Den vidaregåande opplæringa byggjer på 10. trinn i grunnskolen. Vidaregåande opplæring fører fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse. Du må søkje om plass i vidaregåande opplæring.

Vidaregåande opplæring blir til vanleg gitt som 3 år i skole eller som 2 år i skole og 2 år i bedrift.

10. trinn


Velg kursretning

  • Studieforberedende
  • Yrkesfaglig

Studieførebuande opplæring fører fram til studiekompetanse


Vidaregåande trinn 1 i skole

Vidaregåande trinn 2 i skole


Vidaregåande trinn 3 i skole


Høgare utdanning ved høgskole/universitet


Påbygging til generell studiekompetanse


Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag-/sveinebrev)


Vidaregåande trinn 1 i skole


Vidaregåande trinn 2 i skole


Velg VG3 retning

  • Vidaregåande trinn 3 i skole


  • Påbygging til generell studiekompetanse


  • Opplæring i bedrift


Vidaregåande trinn 3 i skole


Påbygging til generell studiekompetanse


Opplæring i bedrift


Yrke og arbeidsliv eller fagskoleutdanning


1. år


2. år


3. år


4. år


 

Studieførebuande eller yrkesfagleg opplæring?

Vidaregåande opplæring er inngangsporten til vidare studium og yrkeslivet. I vidaregåande opplæring skil vi derfor mellom studieførebuande og yrkesfagleg opplæring.

Den studieførebuannde opplæringa legg mest vekt på teoretisk kunnskap og gir studiekompetanse. Vel du studieførebuande opplæring, kan du ta vidare studium ved høgskole eller universitet etter 3 år.

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gir yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Vel du yrkesfagleg opplæring, kan du gå ut i yrkeslivet etter 3–5 år, eller du kan ta vidare utdanning, f.eks. ved ein fagskole. Du har også moglegheiten til å ta påbygging til generell studiekompetanse dersom du vil studere vidare ved høgskole eller universitet.

Oversiktskart

Oppbyggjinga av vidaregåande opplæring er vist på oversiktskartet. Av fargebruken går det tydeleg fram om opplæringa går føre seg i skole (gult) eller bedrift (grønt). Dei blå boksane viser kva kompetanse du har etter at du har fullført og bestått opplæringa.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.