Korleis søkjer du læreplass?
Søk via vigo.no
- Sjølv om du søkjer læreplass på annan måte, må du alltid søkje om formidling til læreplass via vigo.no.
- Søknadsfristen er 1. mars (1. februar for lærekandidatar).
- Hugs å skrive ut kvittering av søknaden.
Logg inn på vigo.no med MinID
MinID er éin av fire elektroniske ID-ar du kan velje mellom når du skal logge inn på offentlege tenester på Internett. Når du skal bruke MinID første gongen, må du identifisere deg med PIN-kode:
- Du får brev med PIN-kodar til MinID i posten ved årsskiftet (dersom du ikkje har brukt MinID tidlegare).
- Hugs passordet ditt til MinID!
- Lær deg fødselsnummeret ditt
- Du treng mobiltelefonen din*
- Ta godt vare på PIN-kodebrevet ditt!
- Treng du hjelp med MinID?
Har du mista PIN-kodane eller gløymt passordet?
Les om å logge inn på vigo.no og hjelp til MinID.
* Har du ikkje mobiltelefon, må du bruke PIN-kodar frå kodebrevet.
Ta kontakt med bedrifter sjølv
På sidene med utdanningsprogramma (f.eks. tømrarfaget) finn du oversikt over kva for lærebedrifter og opplæringskontor som gir opplæring i dei ulike lærefaga. Hugs å velje fylket ditt i nedtrekkslista øvst på vilbli.no (ikkje alle fylke har lagt ut oversikt over opplæringskontor og lærebedrifter).
Mange bedrifter annonserer ledige læreplassar i aviser og på Internett. Du bør følgje godt med og søkje slike læreplassar. Ta gjerne direkte kontakt med bedrifta. Annonserte læreplassar kan du søkje i eller utanfor ditt eige fylke.
Får du avtale om læreplass, må du alltid hugse å sende inn stadfesting frå bedrifta per post til inntakskontoret eller fagopplæringskontoret i fylket ditt.
Dette bør du sjekke før du søkjer
Det kan stillast spesielle krav til deg som yrkesutøvar, og som regel må du oppfylle dei same krava for å få læreplass. Det kan vere krav om politiattest, krav til syn, hørsel o.l. Du bør derfor lese om eigenskapar og formelle krav til dei yrka du er interessert i før du bestemmer deg for kva du vil søkje.
Ver tilgjengeleg på mobiltelefon!
- Formidling til læreplass skjer heilt fram til ca. 1. september.
- Bedriftene ringjer gjerne for å avtale intervju.
- Ver derfor tilgjengeleg på mobiltelefon i heile formidlingsperioden.
Endre opplysningar om deg på vigo.no
- Sjekk at mobilnummer, e-postadresse og adresse er riktig på vigo.no.
- Får du nytt mobilnummer, ny e-postadresse eller ny adresse, må du
- endre opplysningane på vigo.no (før 1. juli i dei fleste fylka).
- melde frå til inntakskontoret (etter 1. juli i dei fleste fylka).
Informasjon frå Vestland
Start No!
Det er først og fremst ditt ansvar å skaffe læreplass. Din eigen innsats er kjempe viktig for målet om læreplass.
Vær aktiv, ta kontakt med bedrifter og opplæringskontor. Følg opp denne kontakta!
Du kan gjere avtalar med bedrifter på førehand, til døme etter ein utplasseringsperiode.
Bruk nettverket ditt! Informer slekt, vener, naboar om at du er på jakt etter læreplass.
Følg med i aviser, og søk informasjon om bransjar og bedrifter på Internett.
Ver tilgjengeleg på telefon og oppgitt epost-adresse. Du oppnår ikkje læreplass viss bedriftene ikkje får tak i deg.
Møt godt forberedt til jobbintervju.
Hugs at du må avleggje ny eksamen i fag du ikkje har bestått.
Registrer ønske om læreplass før 1. mars (evt. 1. februar) på http://www.vigo.no/.
NB: Registrer deg på vigo.no sjølv om du allereie har ordna deg læreplass.
Kvar er lærebedriftene i Vestland fylkeskommune?
Oversikt over godkjende lærebedrifter.
Bedrifter som ikkje står i oversikta kan også ta inn lærlingar, men dei må søkje fylket om godkjenning som lærebedrift.
Opplæringskontora i fylket har mykje nyttig informasjon om moglegheiter for læreplass.
På vigo.no kan du, etter 1. mars, finne oversikt over kva for bedrifter Vestland fylkeskommune har sendt dine personalia og karakterutskrifter til.
Kva legg lærebedrifter vekt på når dei tilset lærlingar?
Råd om korleis ein søkjer læreplass