Korleis går opplæring i bedrift føre seg?
I dei fleste lærefag går dei to første åra av opplæringa føre seg i skole, Vg1 og Vg2. Deretter følgjer Vg3 med to års læretid i bedrift, der eitt av åra er opplæring og eitt er verdiskaping. Til vanleg tek det fire år å få fag- eller sveinebrev for lærlingar eller kompetansebevis for lærekandidatar.
I nokre få lærefag er det eit Vg3 i skole før opplæringa blir avslutta med eitt og eit halvt eller to års læretid i bedrift. Kva lærefag dette gjeld, kan du sjå under utdanningsprogram og programområde.
Informasjon frå Vestland
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.