Konsekvensar av fråvær
Når du søkjer jobb kort tid etter vidaregåande opplæring – og spesielt ved søknad om læreplass – kan det hende bedrifta legg meir vekt på fråværet ditt under skolegongen enn karakterane du har fått når dei vurderer om du skal få tilbod om tilsetjing.
Fråvær i læretida
I læretida er du arbeidstakar og du må då følgje reglane som gjeld i bedrifta og i arbeidslivet om eigenmelding og sjukmelding ved fråvær. Har du andre grunnar til å vere vekke fra arbeid enn sjukdom, må du alltid søkje om permisjon på førehand.
Har du ureglementert fråvær, eller kjem du ofte for seint på jobben, kan du risikere at bedrifta seier deg opp og hevar lærekontrakten/opplæringskontrakten din. Viss du har langvarig fråvær på grunn av sjukdom eller andre tvingande grunnar, kan læretida bli forlenga.
Informasjon frå Vestland
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.