Konditor (sveinebrev)
Vel eit løp for å lese meir om opplæringa
1. år
2. år
3. år
4. år
Aktuelle arbeidsstader
Som konditor kan du få jobb i konditori og bakeri med produksjon av konditorvarer. Andre arbeidsstader kan vere hotell, restaurantar og storhushald elles.
Sentrale arbeidsoppgåver
Sentrale arbeidsområde er
- bruk og lagring av råvarene i produksjonen
- pynting og samansetjing av alle typar kaker og andre søte bakarvarer
- bruk av tradisjonelle og nye tillagings- og konserveringsmetodar
- val av rette produksjonsmetodar
- tilpassing av reseptar og produksjonsprosessar etter behova til bedrifta og kundane
- bruk og enkelt vedlikehald av maskiner og anna utstyr
Personlege eigenskapar
Ein konditor må ha gode fagkunnskapar og kunne arbeide planmessig, rasjonelt, effektivt, hygienisk og nøyaktig. Det er ein fordel at du har sans for farge og form, er kreativ og har god fantasi. Du bør òg ha godt handlag.