Kokk (fagbrev)

Aktuelle arbeidsstader

Arbeidsplassane for ein kokk er knytte til kjøkkenet på serveringsstader – frå hurtigmat- til gourmetrestaurantar og frå hotell og andre overnattingsbedrifter til turistskip, boreriggar, handelsskip og fiskefartøy. Det er òg arbeidsplassar i ferskvareavdelingar i daglegvarebutikkar.

Sentrale arbeidsoppgåver

Sentrale arbeidsområde er

  • matlaging og anretning i samsvar med ønska og behova til gjestene og brukarane: mat til kvardags og fest og mat til spesielle behov
  • bruk av ulike råvarer og tillagingsmetodar
  • utvikling av nye produkt, rettar og reseptar
  • komponering av menyar, prisberekningar
  • tillaging av bakar- og konditorvarer til måltida og dessertane
  • val av drikkevarer til dei ulike matrettane

Personlege eigenskapar

Ein kokk skal kunne lage mat til alle typar menneske og høve og må kunne arbeide planmessig, sjølvstendig og i team. Du må vere glad i å lage mat, ha estetisk sans, vere kreativ og nøyaktig, ha god personleg hygiene og økonomisk sans. Du bør like å skape trivsel og velvære, ha gode kommunikasjonsevner og vere serviceorientert. Ein kokk arbeider ofte på skift.