Kan du ombestemme deg?

Ver klar over at du ikkje er bunden til å gå vidare i det utdanningsprogrammet du først valde. Du kan gjere omval, og du kan alltid byggje på eit yrkesfagleg løp og skaffe deg studiekompetanse. Du kan òg gå frå eit studieførebuande til eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Sjølv om du gjer eit «feilval» i første omgang, kan du altså rette det opp seinare. Og hugs, inga utdanning er bortkasta. Om du ikkje får direkte bruk for det du har lært, gir læring alltid personleg utvikling og vekst.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.