Inntaksreglar og poengutrekning



Reglane for inntak til vidaregåande opplæring følgjer

Inntaksreglar i fylket

Fylka har eigne reglar som bestemmer kva skolar du kan søkje på. Vanlegvis følgjer inntaksreglane i fylket eitt av desse tre prinsippa:

  • Du kan søkje på alle skolar i fylket.
  • Du kan søkje på skolar som ligg i din del av fylket (regionen).
  • Du må søkje den skolen som ligg nærast der du bur (som tilbyr det utdanningsprogrammet du ønskjer).

I fylke der du kan velje mellom skolar, vil karakterane dine vere med på å avgjere kva skole du kjem inn på. Det blir rekna ut ein poengsum på grunnlag av karakterane dine.

Inntak utan poengutrekning

Du kan også bli teken inn utan poengutregning. Reglane for dette finn du under:

Inntak og poengutrekning til Vg1

For å bli teken inn på eit utdanningsprogram på Vg1 er hovudregelen at du må ha gjennomgått norsk grunnskole eller tilsvarande.

På 10. trinn må du velje kva utdanningsprogram du skal søkje på. Du må sjølv søkje om plass i vidaregåande skole. Hovudregelen er at du skal søkje plass i fylket du bur i.

  • Du har rett til å komme inn på eitt av dei tre utdanningsprogramma du ønskjer mest.
  • Sluttkarakterane dine fra 10. trinn kan vere med på å avgjere om du kjem inn på førsteønsket ditt.
  • Kvart fylke har eigne reglar som bestemmer kva skoler du kan søkje på (sjå over).

Poengsum og karakterar

Når du skal konkurrere deg inn på grunnlag av karakterane dine, blir det nytta ein poengsum. Poengsummen blir rekna ut på grunnlag av sluttkarakterane dine frå grunnskolen.

Slik reknar du ut poengsummen din: Du summerer alle talkarakterane og delar deretter på talet på karakterar. Dette gjennomsnittet, med to desimalar, skal multipliserast med 10.

Sum alle karakterar
––––––––––––––––  = Gjennomsnitt (med 2 desimaler) * 10 = Poengsum
Talet på karakterar

Det er avsluttande karakterar i alle fag som blir lagde til grunn, det vil seie standpunkt- og eksamenskarakterar.

  • Kvar enkelt talkarakter skal teljast som poeng med same verdi som karakteren.
  • Unntak: Valfag skal telje  med éin karakter. Har du standpunktkarakterar i meir enn eitt valfag, brukar du gjennomsnittskarakteren av standpunktkarakterane du har fått (ta med to desimalar).
  • Fag med sluttvurderinga «Delteke» eller «Bestått» skal ikke telje med i poengutrekninga.
  • Har du fritak for opplæring eller vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje faget telje med i poengutrekninga.
  • Har du fått IV (ikkje vurderingsgrunnlag) i eit fag eller IM (ikkje møtt til eksamen) utan dokumentert fråvær, skal dette likevel telje med i utrekninga, med poengverdien 0.
  • Har du fått IM (ikkje møtt til eksamen) med dokumentert fråvær, påverkar ikkje dette poengsummen.

Dersom du står heilt likt med andre i konkurransen om dei siste plassane, blir rekkjefølgja mellom dykk avgjord ved loddtrekking.

Inntak og poengutrekning til Vg2 og Vg3

Hovudregelen for inntak til Vg2 og Vg3 er at du har bestått alle faga på føregåande trinn. Dette gjeld både fag der det er sett standpunkt- og eventuelt eksamenskarakter, og fag der det er sett halvårsvurdering med karakter.

Poengsum og karakterar

Når du skal konkurrere deg inn på grunnlag av karakterane dine, blir det nytta ein poengsum. Poengsummen blir rekna ut på grunnlag av karakterane dine frå Vg1 og eventuelt Vg2.

Slik reknar du ut poengsummen din: Du summerer alle talkarakterane og delar deretter på talet på karakterar. Dette gjennomsnittet, med to desimalar, skal multipliserast med 10.

Du finn gjennomsnittet ved å summere alle karakterane og deretter dele på talet på karakterar. Inntakspoenga dine er dette gjennomsnittet, med to desimalar, multiplisert med 10.

Sum alle karakterar
———————————  * 10 = Gjennomsnitt (med 2 desimalar) * 10 = Poengsum
Talet på karakterar

  • Det er alle talkarakterane dine som blir lagde til grunn, det vil seie standpunkt- og eksamenskarakterar og halvårsvurderingar.
  • Kvar enkelt talkarakter skal telje som poeng med same verdi som karakteren.
  • I fag der det er fastsett at sluttvurderinga skal vere «Delteke» eller «Bestått», eller der det ikkje skal gjerast ei sluttvurdering, skal faget ikkje telje med i poengutrekninga.
  • Har du fritak for opplæring eller vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje faget telje med i poengutrekninga.
  • Har du fått IV (ikkje vurderingsgrunnlag) i eit fag eller IM (ikkje møtt til eksamen) utan dokumentert fråvær, skal dette likevel telje med i utrekninga med poengverdien 0.
  • Har du fått IM (ikkje møtt til eksamen) med dokumentert fråvær, påverkar ikkje dette poengsummen.
  • Har du gått fleire forskjellige utdanningsprogram på Vg1 eller programområde på Vg2, som alle dannar grunnlag for inntak til neste trinn, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.
  • Har du teke eit fag i vidaregåande opplæring som privatist, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.


Dersom du står heilt likt med andre i konkurransen om dei siste plassane, blir rekkjefølgja mellom dykk avgjord ved loddtrekking.

Andre vilkår (dokumentert dugleik / intervju)

Fylkeskommunen kan bestemme at inntil halvparten av søkjarane til Vg1 i utdanningsprogramma for idrettsfag og musikk, dans og drama kan bli tekne inn på grunnlag av dokumentert dugleik eller inntaksprøve i kombinasjon med karakterar.

For inntak til spesielle yrkesfaglege utdanningsløp som fører fram til både yrkes- og studiekompetanse (TAF), kan fylkeskommunen bestemme at inntaket skal skje etter poeng og intervju.

Søkjarar utan bokstav- eller talkarakterar

Har du fullført ein godkjend 10-årig grunnskole, men har vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar, søkjer du Inntak etter individuell behandling. Det samme gjeld om du har fullført Vg1 eller Vg2 og har dokumentasjon utan bokstav- eller tallkarakterar. Dette gjeld for eksempel deg som har vore elev ved Steinerskolen.

Spesielle krav til yrkesutøving

Det kan stillast spesielle krav til deg som yrkesutøvar, sjøl om dei same krava ikkje blir stilte for å bli teken inn til vidaregåande opplæring. Det kan vere krav om politiattest, krav til syn, høyrsel o.l. Du bør derfor lese om eigenskapar og formelle krav til dei yrka du er interessert i, før du bestemmer deg for kva du vil søkje.

Informasjon frå Vestland



Søkjarar med folkeregistrert adresse utanfor Vestland fylke

Du har ikkje rett på skuleplass i Vestland fylke dersom du ikkje er registrert i folkeregisteret i ein av kommunane i Vestland fylke pr. 1. mars i søknadsåret. Melding om flytting må vere reell, og gjennomført pr. 1. mars. Du kan såleis ikkje melde flytting til Vestland fylke og halde fram ved same skule i heimefylket ut skuleåret.
 
Dersom du har folkeregistrert adresse i eit anna fylke enn Vestland, kan du få rett til vidaregåande opplæring i Vestland fylke når du dokumenterer at ein av foreldra bur her. Du treng ikkje melde adresseendring i folkeregisteret. Denne godkjenninga gjeld berre for eitt år om gangen og må evt. fornyast kvart år. I slike høve får ein i praksis opplæringsrett både i Vestland fylke og i heimefylket.
Det same gjeld dersom du flyttar til foreldre/føresette innanfor i Vestland fylke. 

Nærskuleprinsippet

Ungdomen kan søkje på alle skular i heile fylket, men det blir gitt tilleggspoeng dersom ungdommen vel skular som ligg i nærområdet sitt. Eleven høyrer til eit inntaksområde utifrå kva kommune han/ho er folkeregistrert i.

Sjå kva skular som ligg i inntaksområde ditt

Kven gjeld det for?

Det gjeld for alle elevar i Vestland som søkjer vidaregåande opplæring.

Dersom du har føresette i to inntaksområde vil du få inntaksområdepoeng i begge områda under føresetnad av at du fyller ut eit skjema for dette.Ta kontakt med oss på telefon
51207117 eller e-post inntak@vlfk.no.

Kor mange poeng får søkjaren?
Søkjaren får 100 poeng som blir lagt til karakterpoenga frå grunnskulen.

Korleis får ein inntaksområdepoeng?

Dersom eleven vel å søkje på skulane i inntaksområdet sitt blir det gitt inntaksområdepoeng.

Dersom nærskulen(-ane) ikkje har utdanningsprogrammet du søkjer på, får du inntaksområdepoeng til alle skulane som har det tilbodet. Du kan då fritt velje kva skule du ønskjer å søkje på.

Korleis skjer inntaket?
Dersom det er fleire søkjarar med inntaksområdepoeng enn plassar ved eit tilbod, konkurrerer søkjarane på karakterpoeng. Dei som ikkje kjem inn, får eit anna tilbod eller tilbod ved ein anna skule.

Dei som søkjer skular i inntaksområdet sitt vil bli prioritert. Søkjer eleven på skular som ikkje gir inntaksområdepoeng konkurrerer eleven om ledige plassar når alle søkjarane med inntaksområdepoeng er tatt inn.

Unntak frå nærskuleprinsippet
Enkelte tilbod i dei vidaregåande skulane er såpass spesielle at dei ikkje har inntak etter inntaksområde. Til desse tilboda konkurrerer søkjarane på karakterpoenga frå grunnskulen. Dette gjeld:

  • yrkes- og studiekompetanse (YSK)
  • Studiespesialisering med førebuande IB (Pre IB)
  • utdanningsprogrammet naturbruk
  • yrkesfaglege løp med studiekompetanse (elektrofag og helse- og oppvekstfag)

Endring av søknad

Hovudregelen er at du ikkje får endra søknaden etter søknadsfristen. Unntaket er dersom det er særlege grunnar som t. d. flytting med familie, sjukdom eller spesielle sosiale årsaker som gjer det tungvint eller umogleg å gå på den skulen du har søkt tidlegare. Søknaden må vere grunngjeven og dokumentasjon må følgje med. Du skal bruke digitalt søknadsskjema som ein finn på Vestland fylkeskommune si heimeside frå 1. april. Frist for endring av søknad 1. juni.

Svar på tilbod om plass

Manglande svar blir rekna som Nei-svar og du mister tildelt plass og /eller blir stroken av ventelista.
I perioden 1. mai til 30. juni kan du registrere førehandsvar. Du kan endre svaret i den ordinære svarperioden om du ønskjer det.

Tap av skuleplass

Dersom du har gyldig fråværsgrunn, t.d. sjukdom, må du varsle skulen seinast første skuledag.
Du kan ikkje rekne med å få fri til feriereiser ved skulestart. Ta evt kontakt med skulen du har fått plass ved for meir informasjon