Kva krev skolen av deg som elev?



I vidaregåande opplæring er det ein del reglar du må følgje. Sørg for at du er kjend med dei pliktene du har som elev.

Plikt til å møte til undervisninga

Elevar i vidaregåande skole har plikt til å møte til undervisninga og delta aktivt i opplæringa.

  • I tilfelle der du er borte frå undervisninga, må du dokumentere fråværet.
  • Ugyldig eller udokumentert fråvær kan føre til at det ikkje er grunnlag for karakter i enkeltfag. Som hovudregel vil meir enn 10 % udokumentert fråvær føre til at du ikkje får karakter i faget.
  • Alt fråvær blir ført på vitnemålet, men du har høve til å få eit fråtrekk på 10 dagar dersom fråværet er gyldig og dokumentert.

Les meir om fråværsreglar

Levere dokumentasjon for gyldig fravær

Dersom du er borte frå undervisninga på grunn av sjukdom eller av andre gyldige grunnar, er det viktig at du leverer dokumentasjon, slik at fråværet ikkje får konsekvensar for karakterar eller vitnemål.

Dei gyldige grunnane til å vere borte frå undervisninga er

  • helse- og velferdsgrunnar (for helsegrunnar må du ha legeerklæring)
  • arbeid som tillitsvald
  • politisk arbeid
  • hjelpearbeid
  • lovpålagt oppmøte
  • representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå (t.d. idrett eller kultur)
  • religiøs høgtid for medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja (opptil 2 skoledagar)

Møte med rådgjevar, elevrådsarbeid og organisert studiearbeid etter avtale med faglærar eller rektor blir ikkje rekna som fråvær.

Delta aktivt i opplæring og vurderingssituasjonar

  • Læraren må ha godt nok grunnlag for å kunne vurdere kompetansen din og gje deg karakter i faget.

Følgje ordensreglementet til skolen

  • Høgt fråvær og brot på ordensreglementet til skolen kan føre til nedsett karakter i orden eller åtferd.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.