Hjelp til vigo.no og MinID

Når du skal bruke offentlege tenester på Internett, er sikker identifisering nødvendig. Elektronisk ID gjer kommunikasjonen trygg mellom deg og det offentlege, for eksempel når du skal søkje skoleplass. Derfor må søkjarane bruke elektronisk ID for å logge inn på vigo.no. Dei kan velje mellom fire elektroniske ID-ar: MinID, BankID, Buypass og Commfides. På eid.difi.no får du hjelp og brukarstøtte til alle dei fire elektroniske ID-ane. Her på vilbli.no finn du berre informasjon om MinID.

Kva er MinID?

  • MinID er ein personleg, elektronisk ID som gir deg tilgjenge til offentlege tenester på nettet.
  • MinID er ei tofaktorløysing, som tyder at ein må bruke to faktorar for å logge inn på ei teneste. Den eine faktoren er eit sjølvvalt passord. Den andre faktoren kan brukaren velje sjølv og er ein eingangskode ein får på SMS, eller godkjenning via den nye MinID-appen.
  • Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) er ansvarleg for MinID.
  • Elevane må ha registrert MinID-brukar i god tid før søknadsfristen. 
Brukestøtte for MinID og elektronisk ID

Det er enkelt å bruke MinID!

Når eleven har fått aktiveringsbrevet, kan ein velje mellom to registreringsmetodar:

1. Appbrukar
Eleven lastar ned MinID-appen og registrerer seg ved å skanne QR-koden i brevet. Dette er den tilrådde metoden. Appen blir då også brukt som innloggingsfaktor ved dei neste påloggingane.

2. SMS-brukar
Eleven kan skanne QR-koden i brevet med mobilkamera eller gå til nettsida som er nemd i brevet, for å registrere seg. Eleven blir då ein SMS-brukar.

Begge metodane krev at du skriv inn fødselsnummer og lagar eit sjølvvalt passord.
 
Treng du hjelp til MinID?
Kontakt brukarstøtta for MinID og elektronisk ID på
eid.difi.no finner du også meir informasjon om de to registreringsmetodane:

Kven treng MinID?

MinID er ein av fleire elektroniske ID-ar som ein kan bruke til offentlege tenester på nettet. Elevar som ikkje har til dømes BankID-app frå før, må ha MinID for å kunne søkje vidaregåande opplæring. Dei som har BankID-app fra før, kan bruke appen for å logge seg inn, og treng dermed ikkje bestille MinID.

Hugs!

  • Dersom søkjaren har problem med MinID, kan de kontakte brukarstøtta for MinID på telefon 800 30 300.
  • Du kan sjekke kven som har søkt om skoleplass på vigo.no.
    Følg opp etternølarane!  

Minn søkjarane om dette:

  • Bestill aktiveringsbrev frå Digdir i god tid før søknadsfrist (det kan ta opptil 14 dagar avhengig av postgang).
  • Aktiveringskoden i brevet er gyldig i 30 dagar frå bestilling. Pass på å registrere ein brukar i rimeleg tid etter at du har fått brevet.
  • Logg inn på vigo.no og registrer deg med MinID.
  • Sjekk at mobilnummer, e-postadresse og adresse er riktig på vigo.no også. Desse opplysningane blir ikkje overførte frå MinID til vigo.no.
  • Du må bruke MinID i sommar for å svare på tilbod om plass/ventelisteplass på vigo.no og du kan bruke MinID for å søkje om stipend i Lånekassen.

Lenkjer til meir informasjon og materiell om MinID

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.