Hjelp til vigo.no og MinID


  • Alle må bruke elektronisk ID for å søkje vidaregåande opplæring på vigo.no.
  • MinID er éin av fire elektroniske ID-ar søkjarane kan velje mellom når dei skal logge inn på offentlege tenester på Internett.
  • Søkjarane får brev med PIN-kodar til MinID sendt til den folkeregistrerte adressa si ved årsskiftet (gjeld dei som ikkje har brukt MinID tidlegare).
  • PIN-kodane til MinID er personlege. Rådgivarar og skolar får ikkje tilgjenge til kodane til søkjarane.

Kva er MinID?

  • MinID er ein personleg, elektronisk ID som gir deg tilgjenge til offentlege tenester på nettet.
  • Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) er ansvarleg for MinID.

Brukarstøtte til MinID og elektronisk ID

Kva er elektronisk ID?

Når du skal bruke offentlege tenester på Internett, er sikker identifisering nødvendig. Elektronisk ID gjer kommunikasjonen trygg mellom deg og det offentlege, for eksempel når du skal søkje skoleplass. Derfor må søkjarane bruke elektronisk ID for å logge inn på vigo.no. Dei kan velje mellom fire elektroniske ID-ar: MinID, BankID, Buypass og Commfides. På eid.difi.no får du hjelp og brukarstøtte til alle dei fire elektroniske ID-ane. Her på vilbli.no finn du berre informasjon om MinID.

Det er enkelt å bruke MinID!


Første gong søkjaren bruker MinID

  • Gå til vigo.no.
  • Logg inn med MinID. Søkjaren treng 
    • fødselsnummer (11 siffer)
    • PIN-kodar frå kodebrev
  • Søkjaren legg inn
    • sjølvvalt passord
    • mobilnummer*
    • avkryssing for kode på SMS
    • e-postadresse


Neste gong søkjaren bruker MinID

  • Gå til vigo.no
  • Logg inn med MinID. Søkjaren treng
    • fødselsnummer
    • sjølvvalt passord 
    • kode som kjem på SMS*

Tips
I god tid før søknadsfristen bør søkjaren teste innlogging på vigo.no med MinID med fødselsnummer, sjølvvalt passord og kode på SMS!


* Har ikkje søkjaren mobiltelefon, må PIN-kodar frå kodebrevet brukast kvar gong søkjaren skal logge inn på vigo.no med MinID.

Kva kan du som rådgivar hjelpe søkjarane med?

  • Bli MinID-brukar sjølv – registrer deg på opplysninger.norge.no. Då kan du lettare hjelpe søkjarane.
  • Hent PowerPoint på radgiver.vilbli.no og bruk denne til å rettleie søkjarane om MinID og vigo.no.
  • Dersom søkjaren manglar PIN-kodar eller har andre problem med MinID, kan de kontakte MinIDs brukarstøtte på telefon 800 30 300.
  • Du kan sjekke kven som har søkt om skoleplass på vigo.no.
    Følg opp etternølarane!  

Minn søkjarane om dette:

  • Logg inn på vigo.no og registrer deg med MinID med ein gong du har fått PIN-kodane.
  • Ta godt vare på PIN-kodebrevet!
  • Ta med PIN-kodane dine om du skal logge inn på vigo.no på skolen.
  • Du må sjekke at mobilnummer, e-postadresse og adresse er riktig på vigo.no også.
  • Desse opplysningane blir ikkje overførte frå MinID til vigo.no.
  • Du må bruke MinID i sommar for å svare på tilbod om plass/ventelisteplass på vigo.no og du kan bruke MinID for å søkje om stipend i Lånekassen.

Lenkjer til meir informasjon og materiell om MinID

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.