Grunnkompetanse

Grunnkompetanse er kompetanse på eit lågere nivå enn full yrkes- eller studiekompetanse. Du får eit kompetansebevis som dokumenterer at du har gjennomført delar av opplæringa.

Grunnkompetanse kan veljast som mål i både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram, og kan vere planlagd eller ikkje planlagd.
  • Det kan gjelde deg som til dømes sluttar eller stryk i fag, eller som oppdagar undervegs at du vil ha vanskeleg med å fullføre.
  • Det kan gjelde deg som veit allereie frå starten av at du vil ha vanskar med å oppnå full yrkes- eller studiekompetanse.
  • Dersom du undervegs i opplæringa opplever at du meistrar meir enn du sjølv trudde då du valde å arbeide mot grunnkompetanse, er det mogleg å endre målet for opplæringa di.
Skolen kan hjelpe deg med å
  • leggje til rette opplæringsløpet ditt
  • gi deg råd om korleis du seinare kan fullføre den opplæringa du har begynt på
Vel du grunnkompetanse gjennom opplæring i bedrift, kan du lese meir om dette under Lærekandidat og Praksisbrevkandidat.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.