Gratis læremiddel og utstyr



Skolen kan ikkje påleggje deg å kjøpe dine eigne lærebøker eller eigen pc. Praktisering av ordninga med gratis læremiddel og digitalt utstyr vil variere mellom fylka. I hovudsak vil det vere utlånsordningar for lærebøker og berbar pc.

I nokre fylke kan du få tilbod om å bruke eigen pc og/eller kjøpe pc etter spesiell avtale. Du vil få nærare informasjon om dette før skolestart.

Skolen kan påleggje deg å skaffe anna individuelt utstyr som er nødvendig for opplæringa.

Ordninga med gratis læremiddel og utstyr gjeld ikkje for lærlingar og lærekandidatar.

Berbar pc

Dersom skolen legg opp opplæringa slik at du må ha berbar pc både heime og på skolen, skal skolen halde deg med berbar pc. Skolen kan då krevje at du betaler ein årleg eigendel for pc-en. Denne årlege eigendelen kan ikkje vere høgare enn den lågaste satsen for utstyrsstipend (1 096 kroner for skoleåret 2021–2022). Etter vidaregåande skole skal du få behalde ein slik pc.

Dersom du ikkje fullfører opplæringa, eller ikkje har disponert skolens pc i tre år, skal du få tilbod om å kjøpe pc-en. Samla betaling skal då ikkje overstige tre gonger den lågaste stipendsatsen for utstyrsstipend, rekna på tidspunktet for avbrotet.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.