Generell studiekompetanse og spesielle opptakskrav
Generell studiekompetanse
Generell studiekompetanse får du ved å fullføre eitt av dei studieførebuande løpa som er beskrivne tidlegare, med karakteren 2 eller betre i alle fag.Spesiell opptakskrav
Visse studium har spesielle opptakskrav i tillegg til generell studiekompetanse. Nokre studium kan ha høgare karakterkrav enn 2, andre igjen kan ha krav om språkferdigheiter, dokumenterte kunstnariske ferdigheiter, praksis, opptaksprøve eller liknande. For opptak til ein del studium blir det stilt krav om at du har valt spesielle programfag på Vg2 og Vg3, til vanleg matematikk og andre realfag.Spesielle opptakskrav finn du i forskrift om opptak til høgare utdanning. Det kan bli gjort endringar i forskrifta, så hald deg oppdatert på www.samordnaopptak.no.
Matematikk i Reform 94 og Kunnskapsløftet
For at det ikkje skal herske for stor uvisse om overgangen mellom Reform 94 og Kunnskapsløftet, har Kunnskapsdepartementet samanlikna gammel og ny læreplan i matematikk og vurdert dei slik:- Matematikk R1 vil bli behandla tilsvarande matematikk 2MX
- Matematikk R2 vil bli behandla tilsvarande matematikk 3MX
- Matematikk S1 vil bli behandla tilsvarande matematikk 2MZ
- Matematikk S2 vil bli behandla tilsvarande matematikk 3MZ
Informasjon frå Vestland
Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.