Fysiske og medisinske forhold



Dersom du ikkje har fortrinnsrett til inntak, men har behov for fysiske tilpassingar av undervisningsrom eller tilkomst, må du opplyse om dette når du søkjer. Fylkeskommunen og den enkelte skolen treng tid til å ordne med innkjøp, ombyggjingar og andre tilpassingar, slik at alt er på plass når undervisninga startar. Fysiske tilpassingar kan til dømes vere aktuelt for elevar med rullestol, høyrselshemma, synshemma eller elevar som må ha spesielt datautstyr.

Har du spesielle behov av medisinsk art, bør skolen og inntakskontoret kjenne til dette. Av omsyn til deg sjølv og lærarane og medelevane dine bør du gi nødvendige opplysningar allereie når du søkjer, sjølv om forholdet ikkje gir grunnlag for spesiell tilrettelegging. Du må sjølv vurdere kva du vil at dei rundt deg skal ta omsyn til, men hugs at ingen kan ta omsyn til noko dei ikkje veit om.

Dersom du har konkurrert deg inn på eit utdanningsprogram på Vg1 eller eit programområde på Vg2 eller Vg3, kan fysiske og medisinske forhold vere grunnlag for å få reservert plass ved ein bestemt skole.

Informasjon frå Vestland

Fylket har ingen tilleggsinformasjon til dette punktet.