Friskolar – frittståande skolar med rett til statstilskot



Du kan ta vidaregåande opplæring ved friskole. Dette er frittståande skolar som er godkjende etter friskoleloven og dermed har rett til statstilskot. Desse skolane tilbyr opplæring etter offentlege læreplanar eller etter læreplanar som Utdanningsdirektoratet har vurdert som jamgode med desse. Friskolane gir standpunktkarakterar og utferdar vitnemål.

Dersom du ønskjer å gå på ein friskole, må du rekne med å betale skolepengar av eiga lomme. Det er likevel ei øvre grense for kor mykje desse skolane kan ta i skolepengar.

I friskolar er gratisprinsippet for trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr innført, på same måte som i offentleg vidaregåande skole (med unntak av dei skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt i offentleg vidaregåande skole). Det same gjeld ordninga med utstyrsstipend for elevar med ungdomsrett. Denne ordninga blir forvalta av Lånekassen. Les meir under Økonomi, bustad og skyss.

Hugs at når du tek opplæring ved ein friskole som følgjer offentlege læreplanar eller alternative, jamgode læreplanar, bruker du av retten din til tre års vidaregåande opplæring.

Det finst òg private skolar som ikkje har rett til statstilskot. Dette gjer at det ofte er svært kostbart å vere elev ved ein slik skole. Fleire av desse skolane tilbyr opplæring etter offentlege læreplanar, men dei gir ikkje standpunktkarakterar. Går du på ein slik skole, må du gå opp til eksamen i alle fag som privatist.

Meir informasjon om friskolar

Informasjon frå Vestland



 Private vidaregåande skular (friskular) i Vestland du kan søkje på i vigo.no: