Flytting



Kjem du rett frå grunnskolen eller er du inne i vidaregåande opplæring, er personopplysningane dine alt registrerte i inntakssystemet. Dersom du har flytta innanfor fylket etter at inntakskontoret innhenta adressa di, må du melde frå til inntakskontoret.

Viss du skal flytte til eit anna fylke før neste skoleår tek til, må du kontakte inntakskontoret både i heimfylket og i det fylket du skal flytte til, for å høyre kva reglar og fristar som gjeld, og kva for dokumentasjon som blir kravd.

Dersom du har rett til vidaregåande opplæring og du og dei føresette flyttar, har du rett til vidaregåande opplæring i det fylket du flyttar til. Skal du flytte til ein føresett som bur i eit anna fylke, vil inntakskontoret i dette fylket krevje stadfesting frå den føresette du flyttar til. Ofte blir det òg kravd ei stadfesting frå den føresette du flyttar frå, på at vedkommande kjenner til flyttinga.

Informasjon frå Vestland



Flytting til eller innad i Vestland

Du må ha folkeregistrert adresse i Vestland pr. 1 mars for å har rett til vidaregåande opplæring i fylket.

Unntak gjeld ved:

  • flytting saman med føresette til Vestland eller innad i Vestland 
  • flytting til føresette bosett i Vestland 

Fyll ut Skjemaet "Melding om flytting” innan 23.juni
 
 
Flyttar du saman med føresette treng vi følgjande dokumentasjon: 
  • godkjent flyttemelding frå folkeregisteret
  • kopi av leie- eller kjøpekontrakt av bustad i Vestlan, eller
  • kopi av arbeidsavtale for føresette