Flytting



Kjem du rett frå grunnskolen eller er du inne i vidaregåande opplæring, er personopplysningane dine alt registrerte i inntakssystemet. Dersom du har flytta innanfor fylket etter at inntakskontoret innhenta adressa di, må du melde frå til inntakskontoret.

Viss du skal flytte til eit anna fylke før neste skoleår tek til, må du kontakte inntakskontoret både i heimfylket og i det fylket du skal flytte til, for å høyre kva reglar og fristar som gjeld, og kva for dokumentasjon som blir kravd.

Dersom du har rett til vidaregåande opplæring og du og dei føresette flyttar, har du rett til vidaregåande opplæring i det fylket du flyttar til. Skal du flytte til ein føresett som bur i eit anna fylke, vil inntakskontoret i dette fylket krevje stadfesting frå den føresette du flyttar til. Ofte blir det òg kravd ei stadfesting frå den føresette du flyttar frå, på at vedkommande kjenner til flyttinga.

Informasjon frå Vestland



Flytting til Vestland

Søkjarar med folkeregistrert adresse utanfor Vestland fylke:

Du har ikkje rett på skuleplass i Vestland fylke dersom du ikkje er registrert i folkeregisteret i ein av kommunane i Vestland fylke pr. 1. mars 2022.

Melding om flytting må vere reell, og gjennomført pr. 1. mars. Du kan såleis ikkje melde flytting til Vestland fylke og halde fram ved same skule i heimefylket ut skuleåret.

Dersom du skal flytte saman med foreldre/føresette gjeld ikkje fristen 1. mars. Bruk skjema som du finn på Vestland fylke si heimeside.

I tillegg må det sendast inn stadfesting på flytting til Vestland fylke før skulestart. Det kan vere stadfesting av kjøp av husvære eller jobb for ein eller begge av foreldra. Hugs å melde frå til heimefylket at du flyttar til Vestland fylke.

Dersom ein av foreldra har folkeregistrert adresse i Vestland kan du få ungdomsrett i fylket. Du treng ikkje melde adresseendring eller bu saman med den av foreldra som bur i Vestland fylke. Denne godkjenninga gjeld berre for eitt år om gangen og må evt. fornyast kvart år. I slike høve får du i praksis ungdomsrett både i Vestland fylke og i heimefylket.

Bruk det digitale skjemaet vårt for å melde flytting