Flytting



Kjem du rett frå grunnskolen eller er du inne i vidaregåande opplæring, er personopplysningane dine alt registrerte i inntakssystemet. Dersom du har flytta innanfor fylket etter at inntakskontoret innhenta adressa di, må du melde frå til inntakskontoret.

Viss du skal flytte til eit anna fylke før neste skoleår tek til, må du kontakte inntakskontoret både i heimfylket og i det fylket du skal flytte til, for å høyre kva reglar og fristar som gjeld, og kva for dokumentasjon som blir kravd.

Dersom du har rett til vidaregåande opplæring og du og dei føresette flyttar, har du rett til vidaregåande opplæring i det fylket du flyttar til. Skal du flytte til ein føresett som bur i eit anna fylke, vil inntakskontoret i dette fylket krevje stadfesting frå den føresette du flyttar til. Ofte blir det òg kravd ei stadfesting frå den føresette du flyttar frå, på at vedkommande kjenner til flyttinga.

Informasjon frå Vestland



Flytting til Vestland

Dersom du skal flytte saman med foreldre/føresette gjeld ikkje fristen 1. mars. Foreldra må sende inn stadfesting på at dei skal flytte til Vestland fylke før skulestart. Det kan vere stadfesting av ny jobb eller kjøp av husvære for ein eller begge av foreldra. Hugs å melde frå til heimefylket at ein flyttar til Vestland fylke.  Innsendingsfrist for dokumentasjon 23. juni